Ranveig Klingsheim var i dag innom Plantasjen for å takka Renathe Ravnskog for gåva. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Perfekt timing for raus premie

Ravneberghaugen vann uteplanter for 10.000 kroner frå Plantasjen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Plantasjen Os ville gi vekk uteplanter for 10.000 kroner, og har den siste veka invitert kundar og andre osingar å nominera gode kandidatar, organisasjonar og andre som kan ha glede av å pynta hagen sin.

– Facebook-innlegget fekk 110 kommentarar med til saman rundt 30 nominerte til gåvekortet, fortel butikksjef Renathe Ravnskog.

– Det var mange gode kandidatar, blant anna barnehagar og idrettslag. Då vi på morgonmøtet i dag skulle finna ein vinnar, landa vi på Ravneberghaugen. Vi kjenner til at hagen deira er ein viktig del av rehabiliteringsopplegget, og at det dessutan er mange i nærområdet som har glede av hagen og turløypene rundt Ravneberghaugen.

Ein innertiar

Hos Ravneberghaugen blir gåva tatt imot med lykke og begeistring.

– Eg kjente til at vi var nominert, å vinna denne premien var ei stor og gledeleg overrasking, seier dagleg leiar Ranveig Klingsheim.

Ravneberghaugen har nyleg vore gjennom oppussing og utviding av bygg, og det pågår no arbeid med oppgraderingar utandørs.

– Timinga er fantastisk! For det første er hagen flittig brukt frå før, ikkje berre til tur, men til systematisk rehabilitering, blant anna i ulike treningsapparat langs skogsvegen vår. For det andre er vi i ferd med å planlegga opprusting av hagen og eit atrium.

– I så store prosjekt, har 10.000 kroner i planter noko å seia, eller er det ein drope i havet?

– Det har mykje å seia! Utbetringar går etter stramme budsjett, og det er ikkje alltid at det er så mykje pengar til planter som du skulle ønskja. Denne gåva er vi veldig takksame for, og vil bety mykje for mange, både av våre pasientar og andre som bruker området, seier Klingsheim.

 

 

 

Fleire saker