Sport | 09. juli 2018

Persa med over to minutt

Andreas Søfteland tok ein sterk 2. plass då han sprang eitt av favorittløpa - Vidasete opp - søndag.

Persa med over to minutt
Andreas Søfteland på veg opp til Vidasete (privat foto)
Andris Hamremandag 09. juli 2018 12:27

Bildeserie:

Søfteland sprang inn til ein sterk 2. plass (privat foto)
Søfteland sprang inn til ein sterk 2. plass (privat foto)
1 av 1
Søfteland sprang inn til ein sterk 2. plass (privat foto)

Osingen Andreas Søfteland har dei siste åra satsa meir seriøst på motbakkeløp og byrjer no å få betalt for treninga. Søndag sprang han det han sjølv kaller eitt av favorittløpa sine, det omlag 4 kilometer lange med vel 800 høgdemeter - Vidasete opp.

– Løpet startar på ein gård i ei lita bygd som heiter Feios like utanfor Vik i Sogn. Det er ikkje av dei største løpa, men definitivt eitt av dei med best ramme. Det er masse hyggelege folk, kor dei serverer lokalprodusert is, bringebær dyrka på garden og mykje anna. Det er rett og slett den gode stemninga som gjer at dette har blitt eitt av favorittløpa mine. I tillegg er det jo ein fantastisk natur, med utsyn over heile Sognefjorden frå 1227 meter over havet, fortel Søfteland til Midtsiden.

Løype som passar

Dette var tredje gangen motbakkeløparen deltok i Vidasete opp.

– Den bratte og harde løypa passar meg godt. Eg trivst best i løyper kor det går oppover og kor det ikkje er så mykje flate partier. I Vidasete opp er det berre eit kort halvflatt parti. Du starter faktisk rett i motbakken, forklarer Søfteland.

Tøff kniving

Osingen la seg på fjerde-femte plass i starten av løpet, men tok seg framover i feltet og låg på andre plass då han blei teke att av mannen bak.

– Vi to låg og kniva då vi såg han som at han som leia bryja å få det. Det gav ein ekstra motivasjon, så eg gav på det eg hadde i eit forsøk på å ta han hatt. På mellomtida låg eg eit halvminutt bak han, i mål blei det tolv sekund, så det gjekk ikkje heilt.

– Det er vel eitt av dei tøffaste løpa eg har hatt, spesielt den siste tredjedelen, då vi kniva som verst var tung. Eg trur aldri eg har vore så sliten som eg var på toppen denne gang. Då kom både hovudverk og kvalme, men det går fort over, så det er gløymt etterpå, ler han i telefonen.

Ny personleg rekord

Han er sjølvsagt nøgd med plasseringa, men enno meir nøgd med tida og løpet.

– Eg er veldig nøgd. Det er kjekt med plasseringa, men enno kjekkare er det å sjå kor mykje eg forbedra meg. Eg løp godt over to minutt raskare denne gangen enn sist, og då hadde eg også forbedring frå første gangen.

– Det å få det svart på kvitt at all treninga og opplegget eg følgjer er rett er veldig deilig. Då får eg veldig konkret tilbakemelding på at det eg gjer er rett, seier Søfteland, som meiner han framleis har meir å gå på.

– Eg tek sikte på å knappe opp eit par knepp neste sesong.

Usikker på Tysnes

Løpa han skal delta på denne sesongen er stort sett spikra.

– Det store er jo Skåla opp som går 18. august. Det blir sikkert også Stoltzen etter det. Om eg stiller på Tysnes på onsdag er eg derimot meir usikker på. Eg var skikkeleg sliten etter løpet i går og kjente at det satt i beina då eg hadde ein treningstur i dag, men eg skal aldri seie aldri. Om kroppen kjenst bra ut på onsdag, kan det vera at eg tek turen over fjorden, avsluttar Andreas Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.