Lokal | 14. juni 2019

Person pågripen etter fleire branntillaup

Posar med elektronikk brann ulike stadar i Gymnasvegen.

Person pågripen etter fleire branntillaup
Os brannvesen sløkte brann i husvære i Gymnasevegen i april, og i ein lyktestolpte i mai. I går var det brann i nokre plastposar fylt med elektronikk. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. juni 2019 06:43

Torsdag klokka 23.01 fekk brannvesenet melding om brann i gras i Gymnasvegen.

– Det var ikkje snakk om gras- eller lyngbrann, men gjenstandar som brann, blant anna på ein plen, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

På staden var det brann i to plastposar to ulike stadar, begge fylt med elektronikk. I tillegg skal det ha vore brann i ei blomsterpotte i Byvegen.

– Det var heldigvis ikkje fare for spreiing, seier Monsen.

Litt før midnatt meldte politiet frå om at ein person var pågripen, mistenkt for å stå bak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.