Person påkøyrd på Røykenes
Mann frakta til sjukehus i ambulanse.
Ein person er påkøyrd på E39 Byvegen ved Er-An.
– Skadeomfang er foreløpig ukjent, opplyser Vest politidistrikt klokka 11.03.
Framme på staden blei det klart at den påkøyrde personen er ein eldre mann.
– Han var bevisst, men er frakta til Haukeland i ambulanse. Skadeomfang er ukjent, seier politioverbetjent Atle Birkeland til Midtsiden.
Mannen blei treft av ein liten varebil som hadde retning Os.
– Det er foreløpig uvisst kva som er årsaka til ulykka, opplyser Birkeland.
Panser er skadd og frontruta trykt inn på bilen.
Det var stopp i trafikken ei stund etter ulykka, men vegen opna igjen klokka 11.23.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.