Lokal | 16. sep. 2020

To til Haukeland etter mc-ulykke

To motorsyklar og tre personar involvert.

To til Haukeland etter mc-ulykke
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 16. sep. 2020 19:21

Litt før klokka 20 i kveld kom det melding om trafikkulykke på Lyseklostervegen, nær Ulven leir.

Til saman tre personar var involvert.

OPPDATERT:

Det var to tunge motorsyklar som kolliderte, ikkje to lette, som først blei opplyst.

– På den eine motorsykkelen sat ei kvinne i 40-åra med ein gut i tenåra bakpå, på den andre sat ein mann i 40-åra åleine, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Begge MC-førarane vart frakta til Haukeland med skade i fot. Mannen var hardast skadd og blei henta med luftambulanse.

Guten som var passasjer kom uskadd frå samanstøyten.

Vegen var stengt ein periode etter ulykka.

– Mange vitne og andre MC-førarar som kom til, var veldig hjelpsame mens redningsarbeidet pågjekk, skryter Lyssand.

Ulykka skjedde i 80-sona mellom Ulven leir og krysset mellom Åsen og Søvikåsen (Ole Bulls veg), og var ei møteulykke.

Årsaka til ulykka er ukjent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.