Lokal | 28. juli 2020

To personar redda etter forlis i Bjørnafjorden

Låg i sjøen då dei blei henta.

To personar redda etter forlis i Bjørnafjorden
Vi veit ikkje kva som er årsaka til forliset. Vesøyane og Terneskjeret er blant øyene og skjera som ligg vest for Store Godøy. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. juli 2020 07:29

Tysdag morgon gjekk ein båt ned i Bjørnafjorden. Uhellet skjedde vest for Stor Godøy på Tysnes.

– Vi var på veg ut med både båt og dykkarar i bil, men aksjonen var raskt over, seier varabrannsjef Erik Walden frå Bjørnafjorden brann- og redning.

– Men vi hadde ikkje kome oss ut av porten før aksjonen var over.

Begge personane er redda og framstår som uskadd, fortel Hovedredningssentralen i Sør-Noreg.

Leiinga om bord i «Kommandøren» tok kommandoen. Ferja Kommandøren går mellom Halhjem og Våge.

«Kommandøren», her på veg ut frå Halhjem, var i nærleiken, men sendte meldinga vidare til ein arbeidsbåt ved eit oppdrettsanlegg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
«Kommandøren», her på veg ut frå Halhjem, var i nærleiken, men sendte meldinga vidare til ein arbeidsbåt ved eit oppdrettsanlegg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Meldinga kom via 02800 (politiet) klokka 08.20. Klokka 08.27 var redninga framme og klokka 08.32 var aksjonen over, fortel Dan Nikø i Fjord1 til Midtsiden.

Det var verken ferja eller lettbåt frå Kommandøren som sto for sjølve redningsarbeidet.

– Det blei vurdert, men mannskapen såg at ein arbeidsbåt frå eit oppdrettsanlegg i nærleiken ville ha sjanse til å koma til staden raskare, og meldte vidare til dei.

OPPDATERT:

Ifølgje BT, som har lesarbilde av redninga, var det folk i ein båt som hadde plukka opp mayday-signalet, som berga dei to.

Dei forliste hadde vore og fiska då båten byrja å ta inn vatn. Dei sette seg først i baugen, men båten gjekk ned, og dei to låg i sjøen då redninga kom til staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.