midtsiden

Piano vann nest siste

Sju båtar segla tysdag nest siste trimmingsseglas. Piano vann den største klassen, Akina var åleine i den minste klassen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Piano med Sverre Holm vann klassen for båter med lystal frå og med 1,16 i nest siste trimmingsseglas 2009.

I klassen for båtar med lystal under 1,16 var Akina med Leif Hetleflåt eineste båt som deltok i kuling og regn tysdag kveld.

- Det ble ein frisk og fuktig seilas med vind opp mot 18 m/s frå vest. Båtane som hadde våga seg utpå denne tysdagen fekk verkeleg vaska seg, skriv Kjetil Eriksen i ei pressemelding.

Løpet blei lagt med første runding av Ospøyskjær, så nordover rundt Lille Laugarøy, og tilbake til Strøneosen.

- Det var jamt i teten, men Piano var først i mål og tok sigeren. Marlin leiar haustsesongen samanlagt, men Piano har framleis sjansen til å ta igjen leiinga om alt klaffar neste tysdag. I klasse lys t.o.m 1,15 er det ingen som kan ta igjen Akina.

Resutat frå tysdagens seglas
(Namn på båt, rormann, respitt-tal, brukt tid/korrigert tid)

LYS t.o.m 1,15                                                                                
1. Akina, Leif Hetleflåt (1,09)  1:35:15/1:43:49

LYS f.o.m 1,16
1. Piano, Sverre Holm (1,23)  1:22:58/1:42:02
2. Lisa, Paul Øyvind Mehammer (1,22) 1:23:47/1:42:12
3. Tina for II, Svein Skoglund (1,16) 1:29:14/1:43:30
4. Ina Kristine, Janet Lepsøy (1,16) 1:32:28/1:47:15
5. Marlin, Hermod Opstvedt (1,29)  1:23:22/1:47:32
6. Merelle, Sigbjørn Paus  (1,18) 1:42:48/2:01:18

Samanlagt, med eitt gjenståande seglas

LYS t.o.m 1,15                                                                        
1. Akina, Leif Hetleflåt
2. Lady K. Bjørn Eliassen
3. Godemine, Kåre Perry Solibakke
4. NN , Hans  Leganger Fjell
                                                                              
LYS f.o.m 1,16                                                                        
1. Marlin, Hermod Opstvedt    
2. Piano, Sverre Holm
3. Tina for II, Svein Skoglund     
4. Ina Kristine, Janet Lepsøy    
5. Lisa, Paul Øyvind Mehammer    
6. Brigten, Harald Ingebrigtsen
7. Merelle, Sigbjørn Paus
8. Oseania, Kjetil Eriksen    
9. Stella, Terje Rønning Eltvik
10. Silje Marie, Magne Lepsøy    

Fleire saker