Pinsetrafikken bygger seg opp på Halhjem
Følg E39-trafikken mot Halhjem: Fjord1 og politiet er førebudd på lang ferjekø i inngangen på langhelg og handballfestival på Stord.
Med pinsehelg og Handballfestivalen på Stord er det i dag venta lang kø på E39 mot Halhjem ferjekai.
• Les òg: Fredag blir årets travlaste dag på E39 Halhjemsvegen (sak frå 2016)
– Som i fjor er Fjord1 førebudd med ekstra mannskap for å ta flest mogleg bilar ned på ferjekaien for billettsal, for å ta unna mest mogleg trafikk mellom ferjene, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.
Midtsiden var på Halhjem klokka 14.30, då gjekk køen opp forbi Halhjem Kjøkken (tidlegare Halhjem Kafé). Då såg billettørane på kaien ikkje ut til å ha kome heilt i gang.
Med ekstra trafikk mot Halhjem vil det òg hopa seg opp med bilar inn mot rundkøyringa ved Industrivegen, Uno X og Meny. Klokka 15.40 sto køen til Stilvoll.
• Følg trafikken direkte på Google Maps.
• Bilde eller tips? Send til tips@midtsiden.no
Skal du til Tysnes? Køyr om Fusa
19 lag frå Osbygda er påmeldt Handballfestivalen, 17 frå Nore Neset og 2 samarbeidslag frå Os og Nore Neset. I tillegg kjem lag frå Bergen og lengre nord, og alle som skal frå nord til sør i samband med pinsehelga.
Køen har tidlegare år vore opp mot 5 kilometer lang.
Politiet oppmodar dei som skal til Tysnes, som har sjanse til det, å køyra om Fusa.
– Det kan dessverre bli mykje venting som kjennest unødig for både innbyggarar på Søre Neset og dei som skal til Tysnes.
– Skal politiet på staden for å dirigera?
– Det er lite vi kan gjera for å få trafikken til å gå raskare. Om det oppstår farlege situasjonar, så rykker vi ut.
• Les òg: – Stopp ferjekøen ved kafeen (innspel frå 2016)
– Vi ber folk halda seg i sitt køyrefelt og ikkje prøva seg på snarvegar. Om det oppstår uhell i området kan det bli endå større køar.
• Her er ferjeruter for Halhjem-Sandvikvåg (fjord1.no)
• Her er ferjeruter for Halhjem - Våge (FosenNamsos.no)