Pipebrann i Lysefjorden

Det var folk heime då brannen braut ut.

Pipebrann i Lysefjorden
Brannen blei sløkt, og sot er fjerna frå skorsteinen. Arkivbilde, foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 17. jan. 2026 21:10

Laurdag klokka 20.17 rykte Bjørnafjorden brann og redning ut på melding om pipebrann i Lysefjorden.

Det var folk heime på adressa, som er nær krysset mellom Lyseklostervegen og Sperrevikvegen, og dei fekk sjølv stengt trekket på omnen.

– Det er ingen røyk i huset, opplyste 110-sentralen.

Klokka 21.09 var brannen sløkt og sot fjerna.

– Dei er i ferd med å avslutta på staden, men vi skal nok ut igjen med feiar seinare, truleg på måndag, for å gå over skorsteinen meir grundig, seier varabrannsjef Erik Walden til Midtsiden.

– Kan dei bu i huset gjennom helga?

– Eg er ikkje sjølv på staden, men det vil eg tru ut frå informasjonen som har kome til no.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.