Lokal | 20. okt. 2018

– Planlagt utkopling

Laurdag morgon blei det mørkt i 307 hus i Os aust.

– Planlagt utkopling
BKK sitt kart viser området der straumen er kopla ut. (bkk.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. okt. 2018 08:07

Fleire bustadar i Hegglandsdalsvegen og Hatvikvegen er laurdag morgon utan straum, får Midtsiden melding om.

På BKK si oversikt over straumstans viser det at straumen forsvann klokka 09.00, og at 307 abonnentar er utan straum.

Det står ingenting om årsak.

Midtsiden har vore i kontakt med vakthavande hos BKK Nett.

– Dette er ei planlagt utkopling, og abonnentane skal ha vore varsla, opplyser BKK Nett.

Det er etter planen innkopling igjen klokka 13 i dag.

OPPDATERT: Ikkje alle blei kopla inn til klokka 13, rundt 70 hus sto igjen, men i klokka 15.11 blei dei siste abonnentane kopla inn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.