– Ei fenomenal tomt, solrik og sentrumsnær, seier Frode Haugland om tomta i Hamnevegen. (Foto: JM)

Planlegger stort bustadprosjekt i Hamnevegen

JM vil bygga 58 leilegheiter på «Lien-tomta».

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Bustadutviklar JM planlegger 58 leilegheiter fordelt på tre bygg på tomta ved sidan av Os Eldresenter.

Bygg Concept AS hadde selt 17 av 43 hus i Hamnehagen før salet stoppa litt opp og utbyggar i 2013 bestemte seg for å laga nye planar for tomta.

• Les òg: Status: Husa rundt Os hamn (2013)

– Vi har opsjon og vil kjøpa tomta for å selja og bygga 58 leilegheier i to trinn, fortel prosjektleiar Frode Haugland i JM.

Siste store prosjekt JM hadde i Os var «Vindu mot fjorden», også det i Hamnevegen, ferdigstilt for 12 år sidan. Selskapet blei i fjor kåra til den bustadutviklaren i Noreg som har dei mest nøgde kundane.

– Tomta er fenomenal! Her er det både solrikt, nær elva, gjestehamna og sentrumskjerna. Med ny veg ferdig om to år, blir reisetida til og frå Bergen vesentleg kortare. Vi ser verkeleg fram til å legga prosjektet ut for sal.

For små og store familiar

Prosjektet skal bli tilpassa både single, småbarnsfamilier og den store kjøpargruppa i alderen 50 pluss.

– Trenden er tydeleg fleire stadar, som Bergen, Askøy, Sotra, Lindås og Meland, vaksne sel einebustadane sine for å sleppa krevjande vedlikehald.

– Men vi vil òg bygga leilegheiter store nok for småbarnsfamiliar, seier Haugland.

Alle leilegheitene blir levert med Svanemerket. I tillegg vil enkelte ha livsløpsstandard.

– JM har i ei årrekkje satsa på lavenergibustadar som er 25 prosent betre enn kravet frå styresmaktene. Dette vlir vidareført i det nye prosjektet.

Kan bli byggestart til våren

JM har plan om to byggetrinn, med hus 1 og 2, som begge står oppå garasjeanlegget, først.

– Om alt går som vi håper på blir det salsstart i november. Då sel vi til VIP-medlemmar først.

Kven som helst kan, mot ein symbolsk sum, bli VIP-medlem i JM.

– Blir responsen god kan vi få byggestart til påske 2020. Vi har allereie byrja å rigga oss til på tomta, og vi har hatt fleire møte med Os Eldresenter for å sikra godt samarbeid i byggeprosessen og godt naboskap etterpå, seier Frode Haugland.

 

Fleire saker