Kultur | 18. mars 2016

Planlegging og vedlikehald av ein god hage

Skal du bygga ny hage eller ommøblera den du har? No nærmar det seg høgsesong, her kan du få tips, også til påskesysselen.

Planlegging og vedlikehald av ein god hage
Tore og kona Henriette Vestbø Færevaag kjem med tips til vedlikehald - og til planlegging av ny hage. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. mars 2016 08:42

Har du nybygd hus og tomt som består av steinrøys og litt løvetann? Eller har du plan om å endra hagen du allereie har?

– Du kan trygt seia at det er ein del fallgruver å gå i, seier Henriette Vestbø Færevaag.

Saman med ektemannen Tore Færevaag og resten av dei tilsette i selskapet deira, Os Hageservice, møter dei mange som ønskjer hjelp eller vil ha tips for sjølv å utføra større eller mindre oppdrag.

– Det er gjerne kona som ringer, dei har gjerne lettare for å bli leie av utsett oppgradering i hus og heim, mens vi menn trur at vi snart skal få tid og lyst til å ta grep, seier Tore og ler.

– Skal det stå sånn i ti år?

Den mest vanlege feilen er at folk har for ambisiøse planar, både i arbeid og kroner.

– Nokre ønskjer seg gjerne mange meter med fin mur mens andre vil ha grillhytte, badestamp eller basseng. På sikt. Det blir gjerne kjøpt noko stein som blir liggande i ei røys, eller eit stort hol i hagen blir ståande år etter år, i påvente av betong, reinseanlegg og vatn.

Når gartnaren spør om det er i år eller neste år bassenget skal byggast, og kor tid det passar å legga ut nokre hundre tusen, endrar gjerne ambisjonane seg.

– Mens du ventar på å oppfylla draumen kan det vera greit å gå for noko gjennomførbart. Det er mykje som er billig, som berre krev ein viss eigeninnsats.

Å våga å ha ein tom plen

Når du skal planlegga hagen din er det òg lett for å gløyma å tenkja over korleis den vil bli brukt.

– Det kan vera freistande å få lyst å planta ein busk eller eit tre midt på plenen, «for å bryta av». Så kjem barnebarna på besøk og vil spela fotball. Då står treet i vegen, seier Tore.

– Småbarnsforeldre eller ikkje, vi anbefalar ofte kundane å trekka buskar og tre i ytterkantane, å våga å ha ein litt stor, tom plen, ein plass som innbyr til leik.

Teiknar heile hagen din

Anten du skal bygga ny hage, ta full oppgradering eller ta trinn for trinn kan det vera lurt å setja seg eit mål.

– Har du ein god plan så kan du gradvis bygga ein funksjonell og estetisk fin hage, seier Henriette.

Anten du skal kjøpa ferdigplen, mur, belegningsstein eller ingenting tenester hos andre, berre jobba sjølv, kan Os Hageservice gje deg tips og teikna heile draumehagen for deg.

– Det er ei teneste vi nyleg har byrja å tilby. Her kan du få ei 2D dataskisse over heile tomta og gå laus på oppgåva, steg for steg. Du får òg hjelp til materialval, så ikkje hagen blir unødvending dyr å bygga opp.

– Nokre av kundane vil gjera mykje sjølv, dei fleste vil leiga nokre tenester og ta andre ting på eigahand.

Populært å dyrka sjølv

Det er ikkje berre på restaurant det er populært med kortreist mat, mange vil ha både øl, grønsaker og frukt frå eigen heim på bordet.

– Tradisjonelle frukt og bær er populære, frå solbær, rips og rabarbra til eple, plommer og pærer.

– Mange vil òg ha eit lite drivhus i hagen. Dette er ekstra kjekt om du har ungar, som både kan læra litt og kosa seg med sjølvplukka mat.

Vedlikehald - dette bør du bruka påsken til

Har du ein hage du ikkje skal bruka mykje tid på denne sesongen er det likevel verdt å ta eit tak før, i eller rett etter påskeferien.

Her er nokre tips:

1. Rake plenen så det kjem luft ned til røtene.
2. Det er tid for gjødsling og kalking av plenen. Sidan det regnar mykje på Vestlandet er jorda ofte næringsfattig, gjødsling bør skje fleire gongar i året for å styrka plenen og er noko mange slurvar med.
3. Plukk vekk visne blad, blomar og kvistar. Dette er òg med på å redusera mengda brunsneglar, då dei får færre plassar å legga egg.
4. Det er tid for klipping og beskjæring av hekk, buskar og frukttre. Dette kan gjerast elles i året òg, men hovudjobben kan gjerne takast før sevja kjem.

– Er det nokre tre eller buskar som ikkje bør klippast på denne tida av året, tre du bør vera varsam med?

– Roser kan vera litt ømfintleg om det kjem frost. Bruk skarpt og reint utstyr, klipp før sevja kjem, men etter at siste frostperiode er over med dei mest sårbare artane, seier gartnar Færevaag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.