Kultur | 27. juni 2020

Plassen blir ståande gjennom sommaren

– Tilbakemeldingane har vore overveldande, seier Fjordfolk.

Plassen blir ståande gjennom sommaren
Marthe Kristensen og Christoffer Kobbeltvedt sine bord og benkar blir ståande til 15. august. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. juni 2020 08:22

I dag er siste dag for «Sommargata», ei gågate som har erstatta Osdagane.

Fjordfolk fekk verken lov til å rigga scene, ha minikonsert eller arrangera moteshow, men ei gågate med noko lokal torghandel av mat - og med skapande aktivitet i Oshjørnet, var greit trass smittevernreglar mot koronaviruset.

Ved sidan av Makerspace/Skaparstova og graffitikurs har parkeringsplassane utanfor Oshjørnet vore sett av til bord og benkar der kven som helst kan setja seg ned med ein is, ein kaffi eller berre for å slappa av.

– For det første har vi fått fine tilbakemeldingar på gågata, at det skjedde noko utan at altfor mange blei samla. Folk har vore sosiale, men samtidig følt seg trygge, seier Christoffer Kobbeltvedt frå Fjordfolk.

– Samtidig har dei sett pris på denne plassen med bord og benkar. No har det vore nokre veldig varme dagar, likevel har mange sete her og tatt seg ein pause eller ein prat.

– Det kjem nok til å bli både våte dagar, men òg dagar utan den trykkande varmen, og det å ha ein open og romsleg plass å sitja gjennom sommaren, har vi no fått gjennomslag for.

Blir ståande til 15. august

Øyro blir open for trafikk på dagtid igjen frå søndag og gjennom sommaren, men Fjordfolk har fått ordførar med på å bruka desse parkeringsplassane til benkar og bord fram til 15. august.

– Det er meir romsleg med parkering i ferien, og vi vi ser at det er ledige plassar både på den gamle brannstasjontomta og på grusbanen, fram til dei byrjar å bygga parkeringshus.

– Mange har glede og nytte av gjestebrygga, men gode sitjeplassar i sentrum kan nok vera endå betre for dei næringsdrivande, trur Fjordfolk.

Dei samanleggbare borda skal erstattast av noko meir robust.

– Jadakameratene har ei rekkje roboste bord og benkar ved banen, som likevel må flyttast vekk før anleggsarbeidet startar. No får dei gjera nytta si i sentrum.

Frå Graffiti til tatovering

– Kva med lokala på gateplan i Oshjørnet?

– Skaparstova har fått lov å bli verande på ubestemt tid. Korleis dei organiserer seg, veit vi ikkje enno.

– Lokalet graffitikurset var i, blir no brukt av tatovør Karoline Hille Nordstrønen.

I 2013 vann ho Kari Traa-leikane, i 2016 tatoverte ho under Oselvardagane, der John Lepsøy fekk sin første tatovering sidan han var sjømann i 1949.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.