Kultur | 24. juni 2009

Plateslepp og video

Frode Sirevåg og Vidar Bratlund Mæland gjekk i fjor frå vill idé til ferdig singel på fire dagar. I natt blei musikkvideo lansert, i morgon er det plateslepp på AMFI Os.

Plateslepp og video
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. juni 2009 07:33

Dei gjekk frå film til musikk på null komma niks, dei syng på svårsk og dei lagar dansebandmusikkvideo med Vidar til livet i vatn i Mobergsvikjo. No debuterer Frode Vidars med fullt album, og artistane påstår at dei meiner alvor.

Carolina møter Anna Soffia
På seinsommaren i 2008 blei ein fleip til ein idé, og handlekraftig som dei to filmfestivalstiftarane er gjekk det berre nokre timar før dei sat i studio med musikar, nyskriven låt og bandnamnet Frode Vidars.

− Vegard Skorpen er på grensa til å vera eit geni. Han er utruleg fleksibel og får oss til og med til å høyrast ganske bra ut, seier Vidar.

Den første singelen, «Anna Soffia», fekk eigen musikkvideo, og «Komma Carolina» blei ein slager utover hausten. Skorpen står for tekst og melodi på alle de åtte låtane som no kjem på album.

− Vi har tru på at «Drettan på Draget» kan bli ein sommarhit. Her er både Anna Soffia og Carolina sentrale personar i handlinga.

Også denne låta har fått eigen musikkvideo produsert av Varde Film & Media.

− Vi gjer så godt vi kan
Dei ser scenevante ut, både LIVE og i musikkvideoane. Men dei følte seg på utrygg grunn, dei to filmentusiastane og kunstnarane då dei skulle over på musikarsjangeren.

− Men så kom vi på at dette er jo ikkje anna enn dønn seriøs bullshit. Akkurat so boyband, der musikken er seriøs, medan dei som framfører den og staffasjen rundt berre er der for å underhalda. Dette er essensen i Frode Vidars, vi prøver å framstå som eit seriøst danseband frå Sverige, dette er ingen sketsj, slår Frode fast.

− Kva er målet med Frode Vidars og albumet?

− Vi håpar på godt sal og vil inn på dansebandsvisj. Og så vil vi spela for flest mogleg. Men viktigast. Vi vil ha det kjekt, blant ting vi har vore med på som er ubehageleg, men gøy, er Frode Vidars langt oppe på topp 10, seier dansebandartistane.

Plateslepp og komande konsertar:
Torsdag 25. juni: Lanseringskonsert på AMFI Os kl 19.00
Laurdag 1. august: Baronfestivalen (privat arrangement)
Fredag 18. september: Varmar opp for Vassengutane i Oshallen


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.