Polet blei Miljøfyrtårn

Vinmonopolet i Os, som opna same år som Søviknes blei ordførar, fekk i dag overrekt diplom og blomar.

Butikksjef Terese Marie Håvik fekk i dag blomar og sertifikat av ordførar Terje Søviknes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. aug. 2013 12:06

Vinmonopolet Os har fått status som Miljøfyrtårn, ei utmerking som fortel at verksemda "systematisk jobber med miljøtiltak i hverdagen. Virksomheten oppfyller krav og gjennomfører tiltak for en mer miljøvennlig drift og godt arbeidsmiljø", som det heiter på stiftinga Miljøfyrtårn sine heimesider.

– Det er Vinmonopolet sentralt som har tatt initiativ og stilt krav om at vi skal gå for denne sertifiseringa. Dei starta med å få utmerkinga i administrasjonen og no er 90 prosent av utsala sertifisert, seier butikksjef i Os, Terese Marie Håvik.

I dag fekk ho overrekt sertifikatet og blomar av ordførar Terje Søviknes.

Drastisk nedgang i plastposebruk

Polet på Os har utført fleire konkrete tiltak for å bli meir miljøvenleg, frå kildesortering og redusert straumforbruk til HMS, arbeidsmiljø – og det å ta betalt for plastposane til kundane.

– Tidlegare var forbruket av plastposar unødvendig høgt, folk tok plast på kvar flaske før dei samla dei i same nett. Enkelte stappa i tillegg fleire posar oppi for å hindra at flaskene skulle klirra.

No har talet på plastposar som går ut døra på polet gått kraftig ned, samtidig har tilbakemeldingane frå kundane som må betala for posane vore positive.

150 spesialbestillingar

Om posebruken går ned held Vinmonopolet fram med å veksa i omsetnad i Os.

– Det vaks mest i starten, og har flata litt ut, men omsetnaden aukar framleis, fortel Håvik.

Les òg: Travel 10-åring

I fjor passerte polet på Os 300.000 liter i omsetnad. Vekst påverkar også utvalet.

– I tillegg til dei drygt 700 variantane vi har, i vår kategori, har vi fleire kresne kundar som har vore med på å forma utvalet.

– Vi har cirka 150 variantar i tillegg til utvalet som høyrer med for utsal i kategori 4 (av 7), variantar vi har fast i utvalet fordi osingar og hyttefolk har bedt oss om det.

Tilbake der det starta?

Status som Miljøfyrtårn er ikkje rykande fersk for polet i Os, den fekk dei for over eit år sidan. Men det var i dag overrekkinga fann stad.

Det var KrF som hadde ordføraren då Vinmonopolet opna butikk i Os i 1999, og dermed Geirmund Dyrdal som sto for den offisielle opninga.

Men unge Søviknes var med på seremonien, og blei valt til ordførar same år.

– Ikkje at vi trur dette er første gong ordføraren besøker polet, men i desse valkamptider, er du tilbake der det starta?

– Vel, vi var blant pådrivarane til å få pol til Os, og delte blant anna ut klistremerke med teksten "Ja til pol på Os!". Å få etablert pol på Os var nok ei viktig sak for oss i forkant av valet i 1999.

Samtidig vil Frp avskaffa Vinmonopolet og få sal av vin og brennevin over i butikk.

– Den diskusjonen er ikkje like aktuell no som vi har så mange utsal og sjølvbetjent ordning. Det første vi vil ha vekk er nok presenning over ølet på kveldstid i daglegvarehandelen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.