Lokal | 10. des. 2019

Politiet åtvarar mot «punisher-piller»

Tollvesenet har tatt beslag i eit større parti, samtidig er politiet kjent med at pillene er observerte i Vest politidistrikt.

Politiet åtvarar mot «punisher-piller»
Dei små, trekanta og blå, med logo frå den kjente Netflix-serien, kan ha ført til to dødsfall i Storbritannia. No er tablettane på marknaden i Vest politidistrikt. (Foto: Politiet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 10. des. 2019 10:21

Politiets nettpatrulje - Vest åtvarar mot potensielt dødelege piller.

– Dette kan vera same type pille som har ført til to døsfall i Storbritannia, fortel politiet via Facebook-sida som var ny i haust.

Tollvesenet har tatt beslag i eit større parti av tablettane, nokre blå MDMA/ecstasy-piller.

– Dei er kjenneteikna av ein trekanta form og ein hovudskalle-logo frå serien «The Punisher».

Politiet er kjend med at pillene har vore observert i Vest politidistrikt.

– Dersom du har fått tak i slike piller, ver snill og destruer dei på ein trygg måte! Ikkje bli ansvarleg for eigen eller andre sin død, skriv politiet, og ber om hjelp til å dela denne informasjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.