Politiet fann bil med bruksforbod parkert ved politistasjonen
Onsdagstrafikken: To bilistar fekk reaksjon for fart. Politiet reagerte også på ein parkert bil.


To køyrde for fort
I 9-tida onsdag morgon gjennomførte politiet ein trafikkontroll på Halhjemsvegen, der to bilistar fekk forenkla førelegg.
Kontrollen vart gjennomført i 70-sona i 9-tida onsdag morgon.
– Høgaste fart var 82 kilometer i timen, seier politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.
Ifølge Forskrifta om forenkla førelegg i vegtrafikksaker vil dette gi 5.350 kroner i bot. Farten var høg nok til førelegg, men fire kilometer i timen «for låg» til å utløyse prikkar på førarkortet.
Avskilta bil med bruksforbod
Onsdag kveld, rundt klokka 20.30, kontrollerte ein politipatrulje eit køyretøy ved politistasjonen på Moberg.
– Det viste seg at den hadde bruksforbod, og bilen blei avskilta, seier Lyssand.
– Køyretøyet stod parkert, og politiet har ikkje lukkast med å få tak i rett eigar, seier politibetjenten.