Politi | elleve timar sidan

Politiet held utkikk etter kvit bil: Prøvde å lokke 10-åring med snop

Torsdag ettermiddag fekk politiet ei urovekkande melding frå Os. To menn i ein kvit bil skal ha prøvd å lokke eit barn inn i bilen.

Politiet held utkikk etter kvit bil: Prøvde å lokke 10-åring med snop
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesfredag 12. juni 2026 09:09

Ifølge politioverbetjent Knut Magnus Fjeld blei barnet, som er i 10-årsalderen, spurt om han ville komme inn i bilen. Mennene skal ha sagt at han skulle få snop.

Sjølve lokkeforsøket skal ha skjedd rundt klokka 17.10.

– Politiet har kontakta meldaren for meir informasjon, opplyser Fjeld.

Han stadfestar at politiet no held utkikk etter køyretøy og personar som passer skildringa i nærområdet.

Dei to mennene blir skildra som lyse i huda, og skal ha snakka norsk. Dei hadde truleg mørkt hår, og den eine skal ha hatt på seg ein blå overdel.

– Bilen dei køyrde er ein nyare, kvit personbil.

Politiet ber folk om å ta kontakt viss dei ser ein bil eller personar som passer skildringa, eller om dei har andre tips i saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?