Politiet leitte etter sakna mann i Os
Ein mann i 50-åra var meldt sakna.


Operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt opplyser torsdag kveld at mannen ikkje er sett dei siste to døgna.
– Eit familiemedlem meldte mannen sakna. Politiet har per no ikkje sett i gang redning, men bistår familien i leiting etter vedkomande med eigne styrkar på ulike stader i Os, seier Kolltveit.
Den sakna mannen er skildra som om lag 180 centimeter høg, med mørkt, kort hår. Han er tynn og framstår noko ustelt.
Politiet har førebels ingen skildring av kva klede mannen har på seg.
– Eventuelle tips og observasjonar kan meldast til politiet på telefon 02800 eller 112, seier Kolltveit.
Oppdatert:
Litt før klokka 02 natt til fredag opplyste politiet at søk var avslutta.
– Vi har ikkje fysisk funne han, men opplysingar gjer at vi ikkje lenger har aktivt søk.