Lokal | 18. mai 2020

Politiet med ros til russ og andre innbyggarar

Ei 17. maihelg med berre éin klage på støy.

Politiet med ros til russ og andre innbyggarar
Politiet var utom Bunnpris Vedholmen Landhandel for å sjå starten på konvoien. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. mai 2020 07:48

Bjørnafjorden lensmannskontor ser tilbake på ei helg med svært få oppdrag.

– Vi har ingen notatar på russen og berre éin klage på feststøy, som kom frå ein privatfest hos ein mann i 20-åra, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Smitteverntiltak og dårleg vêr har nok vore med på å legga ein dempar på feststemninga, og dei som var på fest har oppført seg fint.

– Klokka 00.40 fekk vi klage på høg musikk frå ein fest på Halhjem. Patruljen rykte ut til ein roleg fest, og festdeltakarane dempa musikken. Patruljen var i nabolaget igjen i 3-tida, og då var det framleis roleg i gata.

Mista eit hjul

Klokka 04.15 stoppa politiet ein bil på Lepsøyvegen. Bilførar var edru, men bilen mangla ei lykt, noko eigar fekk pålegg om å utbetra.

Klokka 16.24 rykte politiet ut for å dirigera då ein bil hadde mista eit hjul på Haugland. Ingen blei skadd i uhellet.

Der det skjer

Politiet var òg utom Øyane for å sjå konvoien i Øyane 17. mai.

– Vi er her for å sjå at alt går fint, og for å helsa på. Dette ser jo kontrollert og bra ut, sa politibetjentane Karl og Veronica før konvoien starta.

Politibetjentane Karl og Veronica på vakt 17. mai. (Foto: KVB)
Politibetjentane Karl og Veronica på vakt 17. mai. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.