Lokal | 12. mars 2021

Seglbåt gjekk ned

Har vore under oppsyn sidan september.

Seglbåt gjekk ned
Sånn ligg seglbåten no. (Foto: Politiet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. mars 2021 12:50

Politiet ba i dag eigar av ein seglbåt fortøydd i Askvik ta kontakt.

OPPDATERT: Politiet har no, via brannvesene, no fått kontakt med eigar.

Båten, ein Jeanneau Rush 73 på rundt 29 fot, ligg delvis under vatn.

– Den har lagt fortøydd ved ein steinkai nær Askvikneset ei stund. Brannvesenet har tidlegare hatt den under oppsyn, og prøver no å sikra båten, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Brannvesenet ba i september i fjor om det same, men namn på eigar er tydelegvis framleis ikkje kjent.

– Det er ein fin båt, og vi har fått fleire meldingar frå turgåarar og båtfolk, om at den har blitt skadd, sa Espen Storum frå Bjørnafjorden brann og redning i 2020.

Båten låg på halv åtte også i september i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Båten låg på halv åtte også i september i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.