Politi | 03. feb. 2025

Politiet oppsummerer helga

Trafikkuhell, fartskontroll og mogleg tjuveri.

Politiet oppsummerer helga
Ein personbil var fredag borti ein lastebil på Ole Bulls veg. Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 03. feb. 2025 08:45

Fredag fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Ole Bulls veg.

– Det skal berre ha gjort skade på spegl, så det blei ikkje sendt ut patrulje, opplyser politioverbetjent Morten Haugland.

Partane blei oppfordra å skriva skademelding.

Laurdag kveld i 22-tida kom politiet over ein pose i Industrivegen. Innhaldet kan vera tjuvgods.

– Det er ingen personar eller firma knytt til funnet. Patruljen tok posen med til stasjonen.

Rundt midnatt hadde utrykningspolitiet fartskontroll på E39 i 70-sona forbi vekta.

– Det blei skrive to forenkla førelegg. Høgaste fart blei målt til 83 km/t.

Det blei i tillegg skrive gebyr for køyring med avregistrert bil.

– 35 av bilførararne blei sjekka for rus utan at det blei noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.