Politi | tolv timar sidan
Politiet oppsummerer nyttårshelga
Farleg bruk av fyrverkeri, klage på støy og melding om laus kabel.


Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. jan. 2026 12:14
Politiet i Os kjem i dag med oppsummering av saker frå 30. desember til 1. januar.
Vi har frå før omtalt hærverk mot postkassestativ i Skeismyra, trafikkulykker, mann med øks og kald kvinne som låg i busskur.
Les meir om desse i relaterte saker under.
Her er dei andre innslaga i politiloggen:
- Tysdag 30. desember klokka 08.45: Politiet fekk melding om røyk frå ein bustad i Sørstrøno. Det viste seg å vera eit bål bak huset.
- Tysdag klokka 16.22: Tidlegare omtalt trafikkuhell i Industrivegen. Ingen var skadd. Både bilførar, ein gut på 18 år, og passasjer var uskadd. Han hadde mista kontroll grunna glatt veg.
- Onsdag 31. desember i 08-09-tida: Ruskontroll på Halhjemsvegen. 33 kontrollerte, ingen reaksjonar.
Klokka 16.41 nyttårsaftan (lov å skyta opp frå klokka 18) fekk politiet melding om fyrverkeri som blei skote mot hus og bilar.
Ein patrulje blei sendt til staden. Dei patruljerte området utan å møta aktuelle kandidatar.
- Klokka 03.06 natt til 1. januar: Politiet fekk klage på støy frå adresse nær AMFI Os. Huseigar fekk pålegg om å avslutta festen og halda ro til klokka 08.
- Klokka 11.23 første nyttårsdag fekk politiet melding om ein kabel som låg ned mot veg i Hegglandsdalsvegen ved Holen. Vegtrafikksentralen og teknisk vakt i kommunen blei varsla.
- Klokka 13.12 same dag fekk politiet melding om ein kabel som hadde ramla ned på ein bil på ei adresse i Os sentrum. Vegtrafikksentralen og teknisk vakt i kommunen blei varsla igjen.
- Klokka 18.20 kom ny melding om kabel i veg, denne gong i Byvegen.
- Klokka 18.14 torsdag 1. januar fekk politiet melding om bruk av fyrverkeri i Hegglandsdalen og på Bø. Det er lov å bruka fyrverkeri fram til klokka 02 natt til 1. januar. Politiet hadde ikkje kapasitet til å følga opp.





