Lokal | 31. jan. 2021

Politiet stoppa fest i Os

Skal ha vore fleire enn 20 deltakarar - fleire skal ha vore mindreårige.

Politiet stoppa fest i Os
Ill. foto: KOG
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 31. jan. 2021 07:52

På Twitter melder Vest politidistrikt om ei travel natt med heile 22 meldingar som omhandlar natteroen.

Politiet skriv vidare at dei hadde kapasitet til å rykka ut til sju av desse.

Til BT.no opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen at to av festane hadde over 20-25 deltakarar.

I Bergen sentrum blei det festa i eit bukollektiv. Det var også ein større fest i Os med mindreårige deltakarar.

– Festane blei avslutta med munnlege pålegg og veiledning om smittevern, seier operasjonsleiaren til BT.no.

Ifølgje dei nasjonale anbefalingane er det oppmoda om å ikkje ha besøk av fleire enn fem gjestar som du ikkje bur saman med.

Det er samstundes forbod mot meir enn ti personar på private samankomstar utenfor eigen heim, som til dømes ein bursdag i leigde lokale. Om samankomsten er utandørs, er grensa 20 personer.

Det er ikkje berre her i vest at politiet har hatt mange festrelaterte oppdrag. Ifølgje NRK.no blei i alt 78 personer ble natt til søndag meldt for brot på smittevernlovane i samband med festar i Oslo og Bærum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.