Lokal | 22. okt. 2010

Politiet tok speleautomat

Erling Andersen håper og trur han får automaten tilbake.

Politiet tok speleautomat
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. okt. 2010 08:38

Dei siste vekene har politiet i Bergen gjort fleire beslag av det dei kallar ulovlege speleautomatar. Dei tjekkiske automatane har også funne vegen til Os.

- Lotteritilsynet meldte frå til oss om ein ulovleg automat og vi rykte ut og tok beslag i denne torsdag, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet ville ikkje opplysa kvar automaten sto, men Midtsiden har fått tips om at Er-An på Røykenes har hatt ein slik ståande.

- Det stemmer at det er automaten som sto hos meg politiet har tatt. Det var nokre folk innom stasjonen og tok bilde av automaten på måndag, truleg er det desse som har meldt frå til Lotteritilsynet, seier Erling Andersen.

Er den ulovleg?
Er-An eig ikkje speleautomaten, men har den utplassert på provisjon for eit tjekkisk selskap. Sidan automaten er lenkja opp mot ein server i Praha meiner dei dette er det same som å sitja på internettkafé og gambla på utanlandske speleselskap sine sider. Altså at det bør vera lovleg.

- Selskapet har ikkje løyve til å setja opp automatar i Noreg. Dei har ikkje lov til å operera den norske lotterimarknaden i det heile tatt. Norsk Tipping har einerett og det er dei klar over, seier kommunikasjonssjef i Lotteritilsynet Rune Timberlid til bt.no.

- Det tjekkiske selskapet er i dialog med rettvesenet og har tru på at det per i dag ikkje er lovar i Noreg som forbyr desse automatane. Vil dei prøva å regulera lovverket vil det ta tid, kanskje opptil to år, og då kan automatane stå utplasserte i mellomtida, seier Andersen.

Tok seg opp
Erling Andersen seier han har hatt automaten ståande i 14 dagar, 5 av dei har den vore ute av drift. Automaten skal vera ein ombygd versjon av speleautomatane som blei fasa ut då Norsk Tipping kom med nye automatar, men utbetalinga skjer på papirkvittering som så blir løyst ut i kioskane der dei står.

- Det gjekk litt tid før folk oppdaga at automaten sto der, men i slutten tok det seg opp, då var det det bra med speling på den. Vi fekk begge typar reaksjonar på at vi hadde automaten, nokon var glad og meiner det er feil at Norsk Tipping har monopol, andre likte ikkje at desse meir «aggressive» automatane er tilbake.

Vil setja den ut igjen
At speling og automatar skaper problem for enkelte er noko Andersen synes er trist, likevel stussa han ikkje på å setja ut automaten.

- Ideelt sett skulle vi ikkje ha selt tobakk heller, det er mykje forskjellig som er usunt og som folk kan få problem med. Men får vi automaten tilbake, og spesielt om den kan gje inntekt til lokale idrettslag, så set vi den ut igjen.

Fleire automatar i Os
Politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen seier han ikkje kjenner til at det er fleire speleautomatar i Os.

- Det er fleire i Os som har teikna kontrakt på automatar, men dei har ikkje plassert dei ut enno. Om ikkje rettvesenet finn lovverk som forbyr automatane kjem det nok fleire, seier Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.