Politi | 13. aug. 2025

Politiet treng hjelp: 14-åring er sakna

Politiet ber om tips etter at ei 14 år gamal jente blei meldt sakna i Bergen måndag 11. august.

Politiet treng hjelp: 14-åring er sakna
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokaonsdag 13. aug. 2025 17:17

Jenta er om lag 165 cm høg, har slank kroppsbygning og skulderlangt lyst eller bleika hår.

Siste sikre observasjon vart gjort kring klokka 23.00 måndag kveld, nær Damsgårdsvegen ved Strakshuset i Bergen sentrum. Ho vart då sett saman med ei anna jente på ein el-sparkesykkel.

Ho var iført svart boblejakke av merket Moncler, lys eller mellomfarga dongeribukse, truleg ein svart topp og kvite joggesko.

Den sakna jenta kjem opphavleg frå Stavanger, har Stavanger-dialekt og bur no i Bergen.

Politiet ber alle som har opplysningar i saka ta kontakt på tipstelefon 476 96 060.

Politiet fortel at verga til den sakna har samtykka til at politiet publiserer foto og informasjon om jenta.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.