Polkabjørn, populæært kalla Bjørn Tomren, fekk seg ei fin stund med båtbyggar Hallgeir Bjørnevik før turen heldt fram sørover. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Polkabjørn og båtbyggaren

Bjørn Tomren ror Noreg på langs i ein oselvar. Måndag la han frå land etter å ha besøkt Hallgeir Bjørnevik, som no har rekordmange bestillingar.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– «Det der er den finaste båten eg har sett», tenkte eg, då eg såg ein brosjyre for Bjørnevik Båt etter ein spelejobb under trebåtfestivalen i Norheimsund i fjor.

Du er kanskje ein av dei som lo deg krokete av Polkabjørn og Kleine-Heine under opninga av Oseana i juni 2011? Vel, etter litt om og men kom han tilbake til Os, men denne gong for å bestilla båt.

– Eg trudde ikkje eg hadde råd til ein ny oselvar, men då eg bad Hallgeir om tips i samband med bruktbåtkjøp, og han høyrde kva eg skulle bruka han til, meinte han at eg burde ro ein av båtane hans.

Hallgeir Bjørnevik fekk bestillinga og i mai i år blei båten, hans bygg nummer 25, levert.

Noreg på langs - for fjerde gong

Bjørn «Polkabjørn» Tomren har ikkje hastverk. Han starta turen frå Nordkapp til Lindesnes, ein tur som kan gjerast på fem veker, 7. juni.

Les òg om Bård Alfred Monsen sin rotur i 2009.

– Eg har tatt fri frå speling og tar turen i mitt eige tempo. Mesteparten av tida har eg hatt folk med meg, men eg har hatt ein dag åleine.

Bjørn påstår at han har lite erfaring med å ro, men han han har lang erfaring med å reisa langsamt.

Jodlaren har nemleg både padla Noreg på langs, spasert frå Nordkapp til Lindesnes og gått på ski same distanse.

Blikkfang

Polkabjørn fortel om gjestmilde folk langs kysten.

– Eg vekker tydelegvis merksemd når eg kjem roande. Det er ikkje så mange som ror lenger, eg har faktisk berre møtt tre andre med årer på vegen.

Ein av dei er Kjell Tore Solvang, som ror same distanse, men motsett retning. Dei to møttest ved Tranøy.

– Mykje av merksemda eg får er på grunn av båten. Folk synest den er fin og kjem med mange spørsmål. Eg svarer så godt eg kan.

Det har blitt få netter i telt, roaren har ofte sovna under open himmel og like ofte blitt invitert inn til framande for å få ein dusj, eit måltid og ei seng.

For to veker sidan kom Bjørn, som er frå Romsdalen, til Bergen, der han no bur.

– Produsenten min, Damon Whittemore, kom over frå New York, så vi har vore i studio og jobba med albumet mitt. Damon blir med meg vidare på neste etappe.

– Eg har vore lite i båt og aldri rodd før. Eg er glad sjøen er stille i dag, seier Damon.

Til oselvar-forfattar på Tysnes

Dei siste dagane har oselvaren til Bjørn lagt på Bjørnen, ved naustet til båtbyggar Hallgeir Bjørnevik. Men måndag var det sjøsetjing og nye åretak retning Lindesnes.

– Vi reiser heim til meg, og innom innom nokre tidlegare båtbyggar-miljø, på veg til Økland, seier Kjell Magnus Økland.

Økland har skrive bok om oselvaren, ei bok som førebels manglar noko finansiering på å koma i hyllene.

Turen går så vidare til Stord før Bjørn må til Oslo ein tur. Han har ikkje tatt seg heilt fri i sommar likevel.

Han reknar med at han har 7 til 10 dagar igjen med roing før han er i mål ved Lindesnes. Men han har det ikkje travelt med å koma fram, og desse dagane blir ikkje tatt i eitt strekk.

bjornpaalangs.no kan du følgja turen.

Mange bestillingar - lite energi

I 2014 blei Hallgeir Bjørnevik ramma av kreft. I år har han rekordmange bestillingar av oselvarar.

Båtbyggaren blei brått sett ut av drift då han i november i fjor fekk beskjed om at han hadde ein svulst i hjernen.

– Eg er ferdig med siste behandling og føler meg fin. Men energien er ikkje heilt tilbake, seier Hallgeir.

Energi treng han litt av i desse dagar. Etter at han fortalde om oselvar då NRK Sommerbåten hadde sending frå Os tikka det inn ei rekkje bestillingar.

– To små færingar, ein fullrigga regattabåt og to oselvar-modellar står på ordreblokka. Det er også ein frå innlandet som har ringt og vist interesse for ein liten æring som han vil ro på Mjøsa med.

Hallgeir har vore open med kundane om situasjonen, at det kan gå litt lengre tid enn normalt før han får levert.

– Dei har vist forståing og har det ikkje travelt. Det er eg glad for.

Som Bjørn Jensen i Ausekarane syng i den ferske låta om oselvaren: «Eine han ror, hinmannen skota. Da e’ ikkje noko som hastar i so fine båtar».

Fleire saker