Lokal | 10. jan. 2020

Polsk fest for gode formål: Charity redda livet til Joanna

Søndag kan du oppleva polske smakar og undehaldning i Oseana. Inntektene går til medisinsk utstyr.

Polsk fest for gode formål: Charity redda livet til Joanna
Joanna Kozicka hadde ikkje vore i live utan utstyr finansiert av TGCC. Søndag håper ho å sjå deg i Oseana. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 10. jan. 2020 16:38

I Os er det rundt 2000 utanlandske statsborgarar. Blant desse er det 16 frå Bosnia, 52 frå Thailand og 640 frå Polen (tal frå 2019, SSB).

Frå klokka 12 og seks timar utover dagen søndag kan du bli betre kjent med kulturen til denne største, utanlandske folkegruppa i Os, som byr på polsk musikk, mat og kultur - og ansiktsmaling, lotteri og konkurransar.

• Les òg: Kor gamle er osingane, og kvar kjem dei frå? (2016)

Men The Great Orchestra of Christmas Charity (TGCC) handlar om meir enn kulturutveksling, det er ein frivillig aksjon som kvart år samlar inn rundt ein halv milliard kroner, altså dobbelt så mykje pengar som den norske TV-aksjonen.

Pengane går i hovudsak til kjøp av medisinar og medisinsk utstyr til sjukehus i Polen.

– Fantastisk å bidra

Ewa Krupa-Papiernak driv butikken Unique Boutique i Landboden i Os sentrum. Ho er frå Polen, og skal sjølvsagt i Oseana søndag.

– Dette er ein utruleg kjekk og viktig dag. Arrangemanget er ope for alle, born, vaksne og sjølvsagt alle slags nasjonalitetar. Det vert konsertar, leikar og spel for både born og vaksne, og mykje god mat og drikke som gjestane kan kjøpa.

Det er fri entré, og alle inntektene går direkte til TGCC.

– Dette er Polens største innsamlingsaksjon, og finalen er søndag, både i Polen, i Os og i resten av verda. I starten vart innsamlingane haldne berre i Polen, men har dei seinare åra òg blitt gjennomført av polske statsborgarar rundt om i verda. Sjølve hovudinnsamlinga og dei samla resultata vert vist på polsk TV 12. januar, men det er òg arrangement elles i året.

– I hovudsak går dei innsamla pengane til kjøp av medisiner og medisinsk utstyr til sjukehus i Polen. Nytt i år er at pengane frå alle TGCC-innsamlingane som foregår i Australia vil bli verande i Australia, grunna dei forferdelege brannane som pågår der, seier Ewa.

Berga livet til Joanna

I ein annan butikk i Os sentrum, nyopna Tiny Trolls of Norway, jobbar polske Joanna Kozicka (27). Ho fekk livreddande hjelp takka vera The Great Orchestra of Christmas Charity (TGCC).

Under svangerskapen fekk mor til Joanna alvorlege problem og trengte livsviktig medisin for å redda tvillingane sine. Dessverre døydde den eine tvillingen, men Joanna vart redda.

– Eg var utruleg heldig som fikk hjelp, og hadde ikkje vore i live hadde det ikkje vore for TGCC. Sjukehuset hadde ikkje den inkubatoren som eg trengte rett etter fødselen, men den vart tilgjengeleg takka vera midlar frå TGCC.

Joanna er sjølv mor til ein gut på 4 år, og skal saman med familien på det som er første TGCC-arrangement i Oseana.

– Det er heilt fantastisk å tenkja på at eg vart redda av godvilja til andre mennesker, det gir meg og mange andre håp om at det nyttar å gi. Eg vil oppfordra alle som har moglegheit om å koma innom Oseana på søndag, seier Joanna.

250 millionar euro på 28 år

TGCC vert starta av Jurek Owsiak, som opprinneleg er i frå Gdansk. Denne innsamlinga har blitt ein av verdas største, og har på 28 år samla inn over 250.000.000 euro.

Det er over 120.000 frivillige som tar del i denne innsamlinga på over 1.700 ulike innsamlingar verda over. Det er fjerde gong at det er lokal innsamling i bergensområdet.

I fjor åleine samla TGCC inn 41.152.065 euro. Innsamlinga vert ikkje berre halden på éin bestemt dag i året, men kan bli arrangert året gjennom av ulike personar med løyve. I Oseana søndag vert det arrangert av ei gruppe frivillige leia av Justyna Kotowiecka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.