Populær «Huey» i Dalen
Bildeserie: Det blei spektakulær flyging då veteranhelikopteret Bell UH-1, brukt under Vietnamkrigen, vitja Hegglandsdalen måndag.

Tore Øvreeide og Øvreide Gard inviterte gamlekara og andre flygeinteresserte til flystemne i Hegglandsdalen måndag ettermiddag. Det blei utvilsomt ein suksess.
– Planen var å ha fallskjermhopping, tre helikoptre, to YAK skulefly og to sjøfly i tillegg til det gamle Bell UH-1 helikopteret inn her.
– No blei det litt endringar for både flyet vi skulle nytta til fallskjermhoppinga, det eine helikopteret og det eine YAK-flyet blei hindra, fortel Øvreeide.
Fekk heftige flyturar
Det lag inga demping på stemninga. Mange skodelystne, blant anna flyspottarar frå Flesland, hadde lagt turen inn til Øvreeide.
Pilot Stig Bakke på Bell-maskina, som populært blir kalla «Huey» , tok med passasjerer som ønskte det til ein rundtur over Osfjella og nesten ned på vatnet nedanfor garden i ei låg forbiflyging til glede for tilskoderane.
– Det er noko av det heftigaste eg har vore med på, fortalde ein av dei etter endt tur, framleis med adrenalinet langt oppover øyrene.
Helikopteret, med kjenneteiknet LN-OUS, blei nytta av den amerikanske marinen under Vietnamkrigen frå 1967 til 1970, og seinare i USA av forskjellige offentlege mynde fram til 1988.
Akrobatisk oppvisning
I tillegg til flygeturer med helikopter, fekk publikum med seg spektakulær oppvisning av eit YAK-52 skulefly, opprinneleg utvikla i Sovjet på 70-talet.
– Planen var i tillegg at helikopteret og YAKen skulle flyga formasjon, men no fortalde nettopp piloten i YAKen at han hadde noko rusk med motoren, så av tryggleiksgrunner returnerer han til Flesland, forklarar Øvreeide, som med sikker hand styrte dei ulike flya frå "tårnet" ved elva.
Fekk nyttig trening
Eit av flya Øvreeide held styr på var sjøflya som landa på vatnet.
– Det er ikkje berre for moro skuld dei er her i dag. I tillegg til å visa seg fram får dei nyttig trening i å landa og letta på eit smalt og kort vatn. Vi har godkjent stripe på 450 meter, som dei må klara seg med.
– Det gjer at dei får god øving og står betre rusta om dei treng hjelpa til på redningsoppdrag, tildømes til fjells kor dei må landa og letta frå små fjellvatn. Det er eindel stader det er meir hensiktsmessig å nytta seg av sjøfly enn til dømes redningshelikopter, seier Øvreeide.
Inn på tunet-gard
Arrangmenteter er ikkje det første den flygeinteresserte karen står for.
– Nei, dette har vi gjort fleire ganger, sist i juni, men nå er det på mange måter som ein del av Øvreeide Gard, som blei godkjent som Inn på Tunet-gard tidlegare i sommar.
– Det har vore eindel familiar innom her tidlegare på ettermiddagen. Dei sa at dette må vi gjera igjen ein søndag, slik at dei har tid til å vera her. Det er ikkje umogleg at vi gjer.
– Men, Inn på Tunet-gard, kva vil det seia?
– Vi skal vera eit opplevingssenter for både små og store. Det kan vera barnehagar som kjem på vitjing, slik som vi hadde i formiddag. Bedrifter, bursdager eller utdrikningslag er og i målgruppa. Men det viktigaste er kanskje at eg ønskjer å laga til eit tilbod til folk med adferdsvanskar som treng å få utfolda seg på andre måter. Her vil vi legga til rette for å nytta garden, vatnet og holmane du ser der ute.