Populær utstillingsopning
Publikum strøymde til då Vebjørn Sand si popuputstilling opna i Oseana torsdag.
Bildeserie:
Det var ein jamn straum med folk ned trappa til Griegsamlingen i minutta før klokka 12 torsdag førmiddag. Målet var den ikkje-annonserte popup-utstillinga til Vebjørn Sand som kom til bygda tysdag.
• Les òg: – Eit høgdepunkt for Vebjørn
Representantar for Galleri Sand med Farmen Kjendis-kjendis og tvillingbror Aune Sand i spissen tok i mot publikum og gav interesserte ei omvisning og historiar om bileta og fleire av dei andre prosjekta til Vebjørn Sand.
Kunstnaren sjølv kjem også innom utstillinga i løpet av dei ti dagane dei vel 200 bileta heng oppe. Då for å, mellomanna, å lære born å måle perspektiver.
Store verdiar
I utstillinga finn ein produksjonar frå heile Vebjørn Sand si karriere, men med hovudvekt på Antarktis, somarbileter og krigsbileter. Dei siste er det spesielt verd å få med seg også historien bak, noko som i mange tilfeller gir sterke inntrykk.
Utstillinga er ei salsutstilling, så har du nokre tusenlappar eller millionar, det dyraste bilete er prissett til 2,5 millionar, til overs, så er moglegheiten der.
Utstillinga står fram til søndag 14. januar og er open fram til klokka 20 mest kvar dag.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.