Lokal | 12. juni 2012

Posten legg ned

Postkontoret på Osøyro blir lagt ned og erstatta av Post i Butikk. Endringa skjer i løpet av 2013/2014.

Posten legg ned
Postkontoret på Osøyro blir lagt ned i løpet av 2013 eller 2014 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 12. juni 2012 07:54

Postkontoret på Os er eitt av dei 149 postkontora rundt om i landet som blir råka av stortinget har gjeve klarsignal til å gjera om postkontor til post i butikk.

- Endra kundebehov gjer at Posten må tilpassa seg, seier konsernsjef Dag Mejdell.

Færre sender fysiske brev, medan pakkevolumene veks som følgje av auka netthandel. Folk flest har teke i bruk nettbank, og bruken av manuelle banktenester på postkontora har gått ned med meir enn 90 prosent dei siste 20 åra.

Denne utveklinga har gjort at færre vitjar postkontoret. Dei siste åra har over 700 kontor blitt lagt om til Post i Butikk.

- Post i Butikk gjev eit tenestetilbod som er godt tilpassa kundane sine behov for lange opningstider, meiner Mejdell.

Omlag 1000 tilsette råka

Omlegginga vil råke omlag 1000 tilsette ved dei 149 postkontora.

- Det er ein utfordring at mange av våre dyktige og lojale medarbeidarar blir råka, men endringane er naudsynte.

- Vi har eit godt samarbeid med fagforeningane og gode erfaringar frå tidligare omstillingsprosessar. Eg er oppteken av forutsigbare prosessar og at vi tilrettelegg best mogleg for å finne gode løysingar for den einskilde, avsluttar Mejdell.

Post i butikk finn du allereie på Meny i Industrivegen, Bunnpris i Øyane, Buena i Lysefjorden og Joker på Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.