Næringsliv | 10. sep. 2020

Posten på flyttefot

I slutten av september får Os nytt postkontor.

Posten på flyttefot
28. september pakkar Posten på Plantasjen ned. Foto: ØH
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 10. sep. 2020 19:13

Sidan 2015 har Posten hatt stasjon på Plantasjen ved Gudriflaten. Dette samarbeidet har no teke slutt.

– Vi har bestemt oss for å gå ut frå avtalen vi har hatt med Posten. Dette gjeld alle butikkanevåre, ikkje berre på Os, påpeikar dagleg leiar i Plantasjen Os, Renathe Ravnskog.

– Det er litt blanda kjensler å mista Posten, vi har hatt ein god relasjon til postkundane våre, men gler oss samtidig til å kunna ha meir fokus på Plantasje-kundane våre. Vi har tru på at dette vil gje kundane våre endå betre service.

Fordel og ulempe

Ved å ha poststasjon i eigen butikk vil det naturlegvis bli fleire folk som kjem innom, men om dei handlar, det er eit anna spørsmål.

– Vi har erfart at dette utgjer svært lite for våre butikkar. Det kan henda at det vil vera annleis i ein daglegvarebutikk, men for vår del vart det ikkje den nemneverdige auken av handel, fortel Ravnskog.

I tillegg kan det vera nokre periodar kor det er ekstra krevjande å ha posten i eigen butikk.

– I juletider er det sjølvsagt svært mykje trafikk, og til dømes Black Friday i fjor var det ganske hektisk. Dette krev mykje tid, og tilsette som har mykje å gjera med kjernedrifta vår, blir opptatte i Posten.

Her skal den nye posten plasserast. Foto: ØH
Her skal den nye posten plasserast. Foto: ØH

Gler seg til opning

Mens Plantasjen så vidt har starta ryddejobben, har Coop Extra på Amfi Os starta planlegging av opplæringen av sine tilsette.

– No gler vi oss til opning! Dette er eit tilbod vi ser fram til å kunna tilby kundane våre, og vi har no fullt fokus på å tilrettelegga for opplæring, seier administrerande direktør i Coop Hordaland, Lise Skarpås.

– Vi merker sjølvsagt på dei plassane vi allereie har post i butikk, at det kjem nokre fleire kundar. I tillegg ønskjer vi å bidra til at Posten har ei sentral plassering for innbyggarane.

Opningsdatoen er sett til 29. september, og Skarpås er positiv til både lokalisering og tidsfrist.

– Ofte er det krevjande å få god nok plass når du skal utvida med post-tilbod i butikken, men her på Amfi Os har vi rikeleg med plass. Opningsfristen skal vi fint rekka, avsluttar Skarpås.

Her skal den nye posten plasserast. Foto: ØH
Her skal den nye posten plasserast. Foto: ØH

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.