Sport | 09. okt. 2012

Preben putta tre

... og Os 2 er eitt steg nærmare opprykk etter det som blei ein unødig spennande kamp mot NHH 2.

Preben putta tre
F.v.: Både Fredrik, Preben og Tore spelte frå start i dag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 09. okt. 2012 22:15

Etter utrulege 9-0 med A-laget måndag var det i dag ein endå viktigare kamp for Os 2, som går for comeback i 4. divisjon.

Og bortekampen mot NHH 2 starta like godt som førstelaget sin, med 4-0-leiing til pause.

– Fleire trudde nok at kampen var vunne då dei gjekk på banen i 2. omgang, men NHH 2 hadde tydelegvis ikkje gjeve opp, seier trenar Terje Kvittingen.

Kampen jamna seg ut og vertane reduserte til 4-3 på 8 minutt. Men så blei det straffe til Os 2 og med Preben Borgen si skåring nummer tre for dagen blei det 5-3 og ein veldig viktig siger for andrelaget til Os.

NHH 2 - Os 2 3-5 (0-4)
Målskårarar, Os 2: Preben Borgen 3, Vegard Engelsen Moberg og Fredrik Heggland.

– Preben gav oss leiinga i 15. minutt, Vegard putta retur frå corner i 20. minutt og Fredrik skaut frå 18 meter i 22. minutt. Preben auka til 4-0 i fem minutt seinare.

Os 2: Frode Moberg Øvredal - John Ole Johannessen, Børge Borgen, Håvard Grøteide, Vegard Engelsen - Ørjan Glesnes, Tore Valvik, Simen Lassen, Fredrik Heggland - Egil Thuen og Preben Borgen.
Innbytarar med speletid: Stian Håvik, Roar Vestbø, Glenn Krossøy og Mads Lepsøe.

Os 2 møter NHH 2 nok ein gong før serieslutt grunna ein flytta kamp frå juni. Den kampen går 17. oktober på Kuventræ, men først skal Os 2 møta Lyngbø 2, også det på heimebane, søndag 14. oktober (kl 16).

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.