Lokal | 28. sep. 2017

Premiereklar og i akutt pengenød

Filmen om Hans Bjørn Bakketeig sin heroiske innsats i Moldova har premiere fredag. Sjølv reknar han med å måtte permitterast grunna pengemangel.

Premiereklar og i akutt pengenød
Filmen «Mirakelet i Moldova» som handlar om Hjelp Moldova og Hans Bjørn Bakkteig har premiere fredag (foto: Kåre Ness/Hjelp Moldova)
Andris Hamretorsdag 28. sep. 2017 07:00

Hans Bjørn Bakketeig har gjort ein formidabel innsats med å gje omlag 10 000 svaksynte i euorpas fattigste land, Moldova, synet tilbake. Noko han har blitt heidra for av både statsminister Erna Solberg og verdas optikerforening.

Tatt godt i mot

No er filmen om Bakketeig og Hjelp Moldova «Mirakelet i Moldova» klar. Filmen har premiere fredag under Bergen Internasjonale Filmfestival.

– Eg tykkjer den har blitt fin. Den viser godt arbeidet vårt og kontrastane det er å gå får ikkje sjåande til sjåande. Det er ingen intervjuer, meir reality-TV kor dei har følgd prosessane i høve myndigheitene, korrupsjon og det politiske skiftet i Moldova. Den er egentleg litt stille til ettertanke. Eg er veldig nøgd, oppsummerer Hans Bjørn Bakketeig når Midtsiden ber han vurdera filmen om seg sjølv og medhjelpar Tatiana Ghidirimschi.

– Eg fekk ei eksklusiv førpremiere saman med familien her tidligare i sommar. Eg var veldig spent på å høyre kva dei tykte. Responsen frå familien var veldig positiv.

– Vi har også vist filmen dei to siste dagane for vidaregåande skuler på BIFF. Både Langhaugen vgs, Os vgs og Os gymnas, som er tre av dei skulene som støtter Hjelp Moldova har vore å sett den. Mottakinga har vore heilt utruleg. Spesielt tysdagen blei veldig spesiell. Elevane frå Langhaugen var veldig på, så der blei det både grining og klemming, fortel Bakketeig, som i neste veke får med seg sju elevar og fem lærarar frå skulane i Os og Fusa til Moldova.

Filmen, som er regissert av Stian Indrevoll, blir vist fredag og laurdag på BIFF. Får du den ikkje med deg, så kjem den på Oseana i løpet av hausten.

Kassa er tom

Sjølv om Hjelp Moldova no kjem på film og dei har fått det nye synsenteret i hovudstaden Chișinău opp og stå, så er det ikkje berre fryd og gammen.

– Det er ikkje det. Vi slit veldig. Det er faktisk så gale at eg onsdag var på NAV for å snakka med dei. Eg reknar med at eg må permittera meg nokre månader, fortel Bakketeig.

Grunnen er at prosjektet dei har fått støtte frå UD til går ut no i november. Dei har rett nok fått eitt år til frå UD, men grunna lang sakshandsamingstid, så kjem truleg ikkje det i gang før på nyåret.

– Er vi heldige kan eg jobba igjen frå januar. Då blir det eit knallhardt 2018 for å sluttføra på eitt år den jobben som er rekna å ta tre år, fortel Bakketeig.

Håper på VM-effekt

Trass motgangen er Bakketeig optimistisk.

– Vi ser på andre løysingar for å få inn midler. Blant anna har vi Vipps, så det er jo lov å håpe på at litt av effekten frå sykkel-VM smittar over på oss.

– Kor langt hadde de kome med 2,5 million, som sykkel-VM har fått inn til no?

– Det er omtrent den summen vi treng for å komma i mål. Då hadde vi hatt penger til løn, drift og ikkje minst innkjøp av utstyr. Då kunne vi fått på plass fleire enn dei tre laserane vi har levert til sjukehus der nede til no, slik at vi kunne unngått unødvendig blindheit.

Har lyst å fullføra

Hans Bjørn er per i dag den einaste optikaren i Moldova, men det skal det bli ei endring på. 1. september starta nemleg 16 studentar på optometristudie ved det medisinske universitetet i Chișinău. Utdanninga er eit samarbeid mellom universitetet og Universitetet SørØst Norge på Kongsberg og er finansiert gjennom Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) i Bergen.

– Eg har veldig lyst til å få holde på i Moldova i tre-fire år til, slik at dei første studentane er ferdig utdanna og kan få ta over. Eg har ikkje lyst til å forlate dette før det er 100%, seier eldsjela.

Hjelp til sjølvhjelp

I tillegg til å ha fått på plass ei optikerutdanning fekk han i mars til ei avtale med helseministeriet, sosialministeriet og utdanningsministeriet om synssenteret som Hjelp Moldova har bygd opp.

– I avtalen ligg det at staten på sikt overtar. Det vi driv med er hjelp til sjølvhjelp også når det gjeld pasientane.

– Eg pleier å beskriva det som ein sirkel. Har du synshemming her så fører det til ineffektivitet og du får deg ikkje jobb. Det igjen fører til fattigdom og dårleg livskvalitet. Kan vi gje dei synskorrigerande tiltak som briller, som ofte er det lille som skal til, så får vi dei ut av den sirkelen, avsluttar Bakkteig.

Vil du hjelpa Bakketeig med å fullføra prosjektet, så er #107524 Vippsnummeret til Hjelp Moldova.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.