Presenterer Lyseparken i ny video

Sånn vil kommunen fri til batterifabrikkbyggarane.

Lyseparken. (Ill frå video)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. jan. 2021 14:46

Bjørnafjorden kommune har kasta seg inn i kampen om å få batterifabrikken som Panasonic, Hydro og Equinor vurderer å bygga i Noreg til Lyseparken.

No presenterer dei Lyseparken i ny video:

– Vi meiner dette vil vere den ideelle plasseringa for ein ny batterifabrikk på Vestlandet.

– Lyseparken ligg berre 12-15 minutt frå sentrale knutepunkt som Flesland, Bergen hamn og jernbanen, seier ordførar Trine Lindborg i ei pressemelding.

– Vi har jobba mykje med å bygge den opp som framtidas berekraftige sirkulære næringspark kor vi under bakken legg opp til ein grid som mogleggjer at ei verksemd sin overskotsvarme kan nyttast av andre verksemder som treng varme. Batterifabrikken kan få ei sentral rolle i eit slik nettverk, legg ordføraren til.

Fylkesordførar Jon Askeland skal ha sagt at denne fabrikken SKAL til Vestland.

– Det er eg samd i, og eg meiner at Lyseparken vil vere det beste alternativet, avsluttar Lindborg.

Bakgrunn:

Måndag 21. desember fortalte E24.no om «Joint Battery Initiative»; Panasonic, Hydro og Equinor har inngått eit strategisk samarbeid og vurderer å bygga ein batterifabrikk på 200.000 kvadratmeter. Til samanlikning er «Lidlbygget» i Ådnadalen 36.000 kvm stort.

Dei treng tilgang på kraft, vatn til kjøling, 2.000 arbeidstakarar og nærleik til flyplass. Dei treng òg ei tomt på 400 mål med sjanse for utviding på yttarlegare 1000 mål.

Norske kommunar og regionar blei allereie 18. november inviterte til å visa kva dei har å tilby.

Fristen å melda seg på er i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.