STIL vil venta med ishall, men bygga fleirbrukshall, fotballbanar, turløyper og klatrevegg ved Bergstø.

Presenterte planar og argument for «Søftelandsparken»

– Folketalet på Søfteland aukar like fort på 4 år som snittet i vekstkommunen Os gjer på 20 år.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I formannskapet i dag var Ronny Linde og tre andre representar frå Søfteland turn- og idrettslag (STIL) for å visa skisser, planar og argument for snarast råd å koma vidare med «Søftelandparken», eit fleirbruksanlegg med blant anna ny hall og ny fotballbane.

– Fotballbanen har sprengt kapasitet, det same har gymsalen. Etter at friplassen ved skulen blei bygd av friidretten auka frå 5-6 kappgangarar til rundt 50 medlemmar, på fotballen har vi lag på alle årstrinn på barnenivå, seier leiar for STIL, Øyvind Skorpen.

STIL opplever auke i medlemstalet frå år til år og har passert 300.

Meir enn dobla på ti år

Musikklaget, fotball, friidrett, innebandy og turn kjempar om plass på både bane og i gymsal.

– Det er venta at folketalet i Os kommune skal auka med 76 prosent frå 2020 til 2040. På Søfteland aukar folketalet med 76 prosent allereie dei fire neste åra, seier Ronny Linde.

Frå 2010 til 2015 blei det 212 fleire søftelendingar. Med massiv utbygging i Hjellemarka er folketalet i krinsen estimert å auka frå 1507 innbyggarar i 2015 til 2557 i 2020.

Dette er over 1000 på nye innbyggarar på fem år og ei dobling sidan 2010.

– På høg tid å koma i gang

– Vi har vist planane før og dei har blitt godt mottatt, men vi har frå år til år hamna litt i bakevja. Ungdomstrinnet blei flytta til Os, så då forsvann argumentet med press på gymsalen på dagtid. Friplassen hadde vi teikna inn, men så blei denne tatt ut og bygd ved skulen.

I tillegg har det vore bygging av sentralidrettsanlegg på Kuventræ, der det og skal koma ny dobbelthall.

– Vi har klart oss med det anlegget vi har, men dei to siste åra har vi byrja å kjenna på presset. Når vi óg ser kor fort vi veks, og kjem til å veksa, er det på høg tid å koma i gang. Det vil uansett ta fleire år før anlegget står ferdig, seier Skorpen.

Søftelandsparken skal innehalda:
• Fleirbrukshall
• Allaktivitet (ungdomshuset er «gått ut på dato»)
• Klatrevegg
• To fotballbanar (11-ar og 7-ar)
• Skatebane/BMX
• Turløyper tilpassa rørslehemma
• Badebrygge og tilrettelagt for kano/kajakk ved vatnet

Ventar med ishall - ber om regulering og framdrift

Os kommune er så vidt i gang. Dei kjøpte delar av det aktuelle området for rundt fire år sidan og STIL er i dialog med grunneigar Bjørn Bergstø på resterande.

– Han har tidlegare søkt om å få skilt ut nokre tomter, men fekk ifølgje han sjølv avslag grunna avkøyrsla.

I dag ba dei ikkje STIL pengar, men om vilje til framdrift.

– Vi håper vi no kan få regulert heile området og at det blir planlagt eit godt nok kryss.

Signal STIL har fått frå lokalpolitikarar i både posisjon og opposisjon er at dei kan venta med ishall, men jobba vidare med resten. Ishall er det likevel sett av plass til, sjølv om denne alternativt kan koma i Lyseparken.

– Det var lenge snakk om at vi måtte venta på stein frå E39 Svegatjørn-Rådal. Dette prosjektet er som kjent godt i gang og vi håper vi snart kan byrja å ta imot stein.

Midtsiden kjem tilbake til mottakinga og diskusjonen i formannskapet i eigen sak.

Fleire saker