Lokal | 01. des. 2016

Presis leveranse av bølgedemparen

MS «Mini Star» glei inn Bjørnafjorden i morgontimane i dag. Om bord: 75 tonn med håp for Os hamn.

MS Mini Star utanfor Hatlemnet, mellom Vinnes og Strandvik, på veg mot lossing på Venjaneset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. des. 2016 08:31

Bildeserie:

Dei to grøne og dei to lilla illustrerer planlagt plassering av fire demparar.
Osingen Heine Jarland i Tallin før lasta gjekk frå land fredag. (Foto: Universal Logistics Bergen)
Dei to grøne og dei to lilla illustrerer planlagt plassering av fire demparar.
Osingen Heine Jarland i Tallin før lasta gjekk frå land fredag. (Foto: Universal Logistics Bergen)
1 av 2
Osingen Heine Jarland i Tallin før lasta gjekk frå land fredag. (Foto: Universal Logistics Bergen)
Dei to grøne og dei to lilla illustrerer planlagt plassering av fire demparar.

Fredag ettermiddag blei den 50 meter lange, spesialdesigna, bølgedemparen til Os kommune tatt om bord på svenske MS «Mini Star» i Tallin, klokka 9 i dag var planlagt levering.

– Båten er i rute, stadfesta Heine Jarland frå Universal Logistics Bergen går.

Klokka 8.45 i dag passerte fraktebåten Vinnes på veg til Venjaneset.

• Les òg: 75 tonn i eitt løft

Mini Star har blant anna vore innom Danmark, Fredrikstad, Farsund og Stavanger.

Bølgedemparen blir levert i Fusa for påmontering av signallys før slep til Os. Den blir løfta av på Framo for slep til montering i Strandvik før den kjem heim, som første av planlagte fire bølgedemparar som skal temma Os hamn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.