Lokal | 12. nov. 2012

Pressa av aktor

Drapssaken, dag 1: Aktor si innleiing og tiltalte si forklaring. Aktor Gert Johan Kjelby pressar den tiltalte 19-åringen på fleire punkt.

Pressa av aktor
Aktor Gert Johan Kjelby representerar påtalemynde i drapssaka (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 12. nov. 2012 12:30

Hovedforhandlingane etter drapet på Hilda Feste, kvelden 1. nyttårsdag starta i Nordhordland Tingrett måndag.

Det er stor interesse for saka frå media og store delar av dei tilgjengelege plassane i rettsalen er reservert pressa.

Rettsaka starta ved at tingrettsdommar Gunnar Rode Torvund gjorde greie for dei formelle reglane i høve til dommarane si stilling og habilitet. Mellomanna blei retten orientert om at meddommar Arild Matland i ei periode var lærar for eitt av vitna som skal førast seinare i saka. Dette var likevel ikkje grunn til å gjera meddommaren inhabil, noko både aktoratet og forsvaret samtykka i.

Tiltalte blei så spurt om han erkjende seg delvis eller heilt skyldig i dei to tiltalepunkta.

- Nei, var det klare svaret frå tiltalte.

Aktors innleiing

Aktor Gert Johan Kjelby starta hovudforhandlingane med å redegjera for korleis dei vil føra saka og for dei bevisa påtalemynde meiner å ha i høve til funn av finger og handavtrykk frå tiltalte i den dreptes leilighet, dna-funn på den drepte og funn av dna og blodspor heime hos den tiltalte.

Aktor gjorde også greie for dei funn politiet har gjort på tiltaltes mobiltelefon og pc i høve til søk på forskjellige pornosider.

Totalt vil aktoratet føre 16 vitner og 5 sakkyndige. I tillegg har forsvaret stemna 9 vitne, medan bistandsadvokat Beate Hamre har stemna eit vitne.

Sov hos kamerat

Etter at aktor Kjelby hadde innleia var det tiltaltes tur til å innta vitneboksen.

Dommar Torvund innleia med å stille eindel spørsmål om tiltaltes busituasjon på det tidspunktet drapet ble begått og korleis tiltalte sjølv vurderte forholdet sitt til familien.

Tiltalte forklarte mellomanna at han frå oktober/november hadde budd saman med ein kamerat.

Dommaren var òg oppteken av tiltaltes tilhøve til alkohol, om korleis han fekk fatt i denne og korleis han reagerte på alkoholinntakt. Tiltalte har i forklaringar, og også i retten forklart at han ikkje hugsar, når han drikk.

Pressa av aktor

Etter dommaren si utspørjing tok aktor Gert Johan Kjelby over. I si utspørring har han, så langt, pressa tiltalte på korleis han oppfører seg når han drikk, om han blir hissig og korleis temperamentet hans er.

Fleire av spørsmåla ville ikkje tiltalte svara på i utgangspunktet, men han blei råda av forsvarar Rolf Knudsen om å forklara seg, då mykje av dette var ting han allereie har forklart seg om i politiavhøyr og såleis vil koma fram i løpet av rettssaka.

Ubekvem

Tiltalte blei tydeleg ubekvem når aktoratet kom inn på episodar i høve kvinnlege bekjenskaper.

- Er det flaut dette, er det difor du ikkje vil svara, undra aktor.

Tiltalte meinte sjølv at han ikkje hadde problem med å innrømma ting som var flaue. Tiltalte svarar ofte at han ikkje hugsar når aktor kjem inn på konkrete episodar eller ting, men samstundes gjer han greie for episodar i forkant eller i tilknytning til aktor sine spørsmål.

Erkjenner ikkje å ha surfa på porno

Rett før retten gjekk til pause klokka 12 kom aktor inn på politiet sine funn på tiltalte telefon og PCer mellomanna i webloggane kor det har vore aktive søk på porno.

Tiltalte hevdar hardnakka at han ikkje har surfa på dette, men har samstundes i politiavhør sagt han ikkje har gitt andre tilgang til telefonane eller pcene.

Midtsiden følgjer rettssaka og kjem tilbake til andre del av hovudforhandlingane i ettermiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.