Sport | 13. feb. 2017

Presterte maksimalt - kom i 5 av 5 finalar

Målet var å koma i éin finale (topp 6). Av fem øvingar blei det 3 bronsar og 2 fjerdeplassar på Emil Austevoll Harlem.

Presterte maksimalt - kom i 5 av 5 finalar
Emil hadde mål om finale i éin av fem øvingar, men enda opp med tre bronsemedaljar i LÅMØ. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. feb. 2017 19:43

Bildeserie:

I år var Emil einaste frå Os i LÅMØ. (Privat foto)
I år var Emil einaste frå Os i LÅMØ. (Privat foto)
På pallen og nær pallen i 5 av 5. (Privat foto)
På pallen og nær pallen i 5 av 5. (Privat foto)
1 av 2
I år var Emil einaste frå Os i LÅMØ. (Privat foto)
På pallen og nær pallen i 5 av 5. (Privat foto)

Fleire unge utøvarar frå Os Svømmeklubb var nær på å kvalifisera seg til årets LÅMØ, Norges Svømmeforbund si landsdels årsklassemønstring for dei beste svømmarane mellom 10 og 15 år.

• Les òg: Emil kvlifisert for landsdelsmønstring

Men i år var det berre Emil Austevoll Harlem (fødd 2005) frå Os som hadde god nok score i alle dei fem øvingane, 400 fri, 200 rygg, 200 bryst, 200 medley og 100 meter butterfly.

– Målet var å koma i finale i éin av dei fem øvingane, fortel pappa og trenar Thomas Harlem.

Emil leverte i kvar einaste øving og persa med til saman over 30 sekund, noko som i ein idrett med så små marginer er ganske ekstremt.

I fem av fem finalar

Det blei ikkje berre éin finale på svømmetalentet frå Os, Emil tok seg i finale i kvar øving.

Også i finalane klarte han seg bra, i alt blei det 3 bronsemedaljar og 2 fjerdeplassar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.