Prestisjepris til billett-gründer frå Os

TicketCo, med Kåre Bottolfsen og osingen Carl-Erik Michalsen Moberg, er kåra til norsk vinnar av The European Business Awards.

Ørjan Håland
26. oktober 2016 - 13:23

TicketCo, som blei stifta av Kåre Bottolfsen og Carl-Erik Michalsen Moberg i 2013, har etablert seg som den fremste utfordraren på den norske billettmarknaden.

I september blei dei kåra til norsk vinnar av EBA, no skal dei i europeisk finale mot nasjonale vinnarar frå EU i tillegg til Tyrkia, Sveits, Serbia, Makedonia og Norge.

Samtidig utvider TicketCo til fleire andre europeiske land.

I videoen over fortel Carl-Erik meir om selskapet og den positive utviklinga.

Les meir om

Næringsliv