Kultur | 11. mai 2017

Prestisjetung pris til Neset

Marius Neset vann saman med London Sinfonietta, ECHO JAZZ, ein av Tysklands mest prestisjetunge musikkpriser.

Marius Neset har hausta strålande kritikker for plata «Snowmelt» som han vann den prestisjetunge ECHO JAZZ med (pressefoto)
Andris Hamretorsdag 11. mai 2017 07:24

ECHO er eitt av den tyske musikkbransjens mest prestisjetunge priser. Prisen blir delt ut av Deutsche Phono-Akademie, den tyske musikkindustriens kulturinstitutt. ECHO blir delt ut i kategoriane klassisk musikk, pop og jazz.

Marius Neset og London Sinfonietta fekk i år prisen i kategorien store ensembler, for det kritikerroste albummet «Snowmelt» som Neset komponerte spesielt for London Sinfonietta og ein kvartett. Totalt 22 musikarar er involvert på platen.

– Med «Snowmelt» har Neset skapt ei dramatisk variert og effektiv reise, på tvers av sjangrar, til ei majestetisk ende, skriv den legendariske jass-anmeldaren, Josef Woodard i Downbeat.

«Snowmelt» blei urframført live på London Jazzfestival i fjor haust og fekk strålande kritikkar.

Dei andre nominerte i kategorien for store ensembler var Snarky Puppy og Nils Landgren Ensemble & Bochumer Symphoniker.

Var med på to andre vinnarar

Ikkje berre vann Neset prisen for store ensembler, han var òg med på platene til to andre vinnarar, E.S.T Symphony som fekk juryen sin «Sonderpreis» og Sun Blowing, trioplaten med Lars Danielsson og Morten Lund, der Danielsson fekk prisen som beste bassist.

Det er ikkje første gang Neset er nominert til pris under ECHO. I fjor var han nominert i kategorien beste saxofonist.

Neset arbeidar no med ei ny plate saman med den faste kvintetten sin og med gjestesolistar som Andreas Brandelid og Lionel Loueke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.