Pris nr 6 til «Another world»

I 2016 brukte Rolv Lyssand Bjørø sparepengane på innspeling, i helga fekk filmen nok ein internasjonal pris.

Rolv Lyssand Bjørø (nr to frå venstre) saman med venar i filmbransjen under festivalen i London i helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. feb. 2019 16:08

Bildeserie:

Dette er den sjette prisen Bjørø får for «Another World».
Festivalen og gallaen var på Hotel Novotel West i London.
Bjørø med prisen.
Dette er den sjette prisen Bjørø får for «Another World».
Festivalen og gallaen var på Hotel Novotel West i London.
1 av 3
Festivalen og gallaen var på Hotel Novotel West i London.
Bjørø med prisen.
Dette er den sjette prisen Bjørø får for «Another World».

Produsent og regissør Rolv Lyssand Bjørø, som i 2012 fekk fleire nominasjonar for kortfilmane «Skyggelys» og «Paradox», blant anna i Russland, er no i vinden med «En annen verden».

I helga blei han tildelt prisen «Best Director of a short foreign language film» på London International filmakers festival, den sjette prisen filmen har mottatt.

– Filmen var nominert til to prisar, beste regissør og beste kortfilm, eg føler den eg vann var den mest prestisjetunge av dei to.

– Konkurransen var hard. Rundt 50 nasjonar var representerte på festivalen, eg var den einaste frå Noreg. Over 20 regissørar var nominerte i kategorien.

Bjørø gler seg òg over å sjå effekten filmen har på publikum, blant anna ut frå diskusjonane dei har etter å ha sett den.

– Historia og produksjonen er spesiell, den er laga for at du skal kunna tolka det som skjer på ulikt vis. Då er det kjekt å sjå at det er nettopp dette som skjer. Ei dame som kom bort til meg for å drøfta handlinga, fekk grei beskjed frå ein annan gjest at han forsto filmen på ein heilt annan måte.

(Artikkelen held fram under traileren)

Isolerte seg sjølv i halvanna år

«En annen verden», som er førebudd den internasjonale marknaden med engelsk teksting og tittelen «Another world», var filmen som regissør Bjørø berre MÅTTE laga.

– Dette er ein film eg har skrive på lenge. Då eg vann 20.000 kroner i ein minuttfilm-konkurranse i Bergen tidlegare i år, for å legga eit ekstra press på meg sjølv, så kunngjorde eg den komande innspelinga under prisutdelinga, sa Rolv til Midtsiden under innspelinga i Os sommaren 2016.

Sommaren 2018 var filmen ferdig. «En annen verden» er historia om to vener som hamnar i ein annan dimensjon, og kampen dei kjempar for å halda seg i live.

– Postproduksjonen var krevjande, det blei halvanna år med klipping, eg følte eg ikkje hadde noko anna liv enn denne filmen. Når du legg så mykje i det, er det ekstra gledeleg med positiv merksemd som dette.

Bjørø har tatt seg tid til å gi filmen surroundlyd, noko som ikkje skal vera vanleg på ein kortfilm. Den har òg ein del spesialeffektar.

Frå San Diego til Paris

Den første merksemda filmen fekk var frå ein internasjonal onlinefestival. Den førte til at andre la merke til den. Det kom «award for excellence» frå IndieFest i San Diego, tre prisar under Queen Palm International Film Festival i Palm Springs, og nominasjon under «StudioFest Festival» i New York, der med filmskaparen frå Os til stades.

Seinare i haust stakk han av med pris under BIFF (Bergen), før jul blei han nominert i London.

– Den same dagen som eg bestilte flybillett til festivalen i London blei eg kontakta av ein endå større festival i Paris, The European Independent Filmfestival. No er den nominert, der òg som den einaste norske filmen.

Den første helga i april går turen til den franske hovudstaden.

Viktige møte på veg mot draumen

London International filmakers festival blei arrangert på Hotel Novotel West i bydelen Hammersmith i London.

– Filmen blir vist i gode kinosalar i Paris, i London var det konferanserom som blei rigga til framsyning. Men det som var ekstra bra med festivalen i London var at alt var på same stad; filmvising i éin etasje, mingling, foredrag og møter i ein annan etasje.

Det var lagt til rette for mykje god fagprat, også private møte, under festivalen. Bjørø fortel om fleire interessante treff.

– Nettverket du kan bygga på slike festivalar kan bli mykje verdt. Eg hadde gode samtalar med alt frå skodespelarar til folk med kontaktar i Netflixunder festivalen.

– Draumen er framleis å få finansiert ein full spelefilm, og sjansen aukar etterkvart som arbeidet dtt blir lagt merke til. Samtidig ser eg at det er mange flinke filmskaparar frå heile verda, så du skal både jobba hardt og vera heldig for å koma langt i denne bransjen.

Hemmelege verdiar frå heimbygdene

Mens filmskaparane vekslar erfaringar og gode råd under festivalen, er det enkelte ting dei held for seg sjølv.

«En annen verden» er spelt inn i blant anna Ervikane i heimbygda Os og ein dal i nabokommunen Fusa.

– Eg fekk grei beskjed av ein annan filmskapar å aldri røpa den eine lokalisasjonen min til andre. Det er ein dal i Fusa, som far min viste meg då eg var 14 år gamal. Han hadde nokre år i forkant sett ut aure i eit vatn i dalen. Landskapen er heilt unik, fin og skummel på same tid, det er som du ikkje får den ut av hovudet. Eg kom tilbake til dalen som vaksen i 2013, og såg at den var minst like fengslande som eg hugsa.

– Generelt ser eg at vestnorsk natur slår svært godt an ute i verda. Vi er vant med svaberg, fjøre og fjell, og tenkjer gjerne ikkje over kva effekt slike omgjevnadar har på folk som knapt har sett anna kystnært landskap enn ei sandstrand. Eller kva effekt slikt landskap kan gi ein film, seier Bjørø, snart klar for Paris.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.