Prisantydning: 17,5 millionar
Nok eit næringsbygg i Os sentrum lagt ut for sal.
Torsdag for ei veke sidan blei 512 kvadratmeter store Engelinegården i Brugata selt etter bodrunde.
Seks bodgivarar jaga prisen godt over 10,8 millionar, som seljar ba om. I tillegg kom ein sjuande bodgjevar på banen etter at handelen var i boks.
No har nok ein eigedom i sentrum, langs Oselvo, kome for sal.
Landboden 21, 23 og 27 går over tre etasjar, og inkluderer både butikklokale, kontor og fire husvære.
– Stort potensiale
Bruksarealet er på 782 kvadratmeter (960 brutto) fordelt over tre etasjar.
Byggeår på første del er 1920, næringsdelen blei bygd i 1964. Tomta er 811 kvadratmeter stor.
Årlege leigeinntekter i dag blir oppgitt å vera 830.000 kroner.
– Eigedomen har stort potensiale, både vedrørande inntekt og utbygging, står det i annonsen.
Prisantydning er 17,5 millionar.
Landboden er blant fleire eigedomar i sentrum som blei pussa opp i sommar.
Johnny Pedersen, som tidlegare selte 4000 kvadratmeter store Oshjørnet/Baronsgården til fondet Bb Eiendom Invest i KS (BBEI), er eigar i Landboden. Vi har ikkje lykkast i å nå Pedersen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.