Lokal | 03. juli 2012

To prisar til Hans Bjørn

Optikar Hans Bjørn Bakketeig har i ei årrekkje jobba for å hjelpa fattige i Moldova. No har innsatsen hans blitt løna med to gjeve prisar.

To prisar til Hans Bjørn
Hans Bjørn Bakketeig er årets optikar på verdsbasis (t.v.) og nykåra Paul Harris Fellow.
Kari M. Lyssandtirsdag 03. juli 2012 12:31

Det var med stor glede og vørnad at presidenten i Os Rotary Klubb, Berit Høgheim, måndag kunne gje Paul Harris-medaljen til Hans Bjørn Bakketeig og utnemna han til Paul Harris Fellow.

Rotary arbeider for å auka internasjonal forståing gjennom betre samkvem mellom folka.

Når Rotaryklubben vil gje ei påskjøning til nokon som har gjort ein framifrå innsats for å betra tilhøva for folk, eller auka internasjonal forståing, deler dei uti Paul Harris-medaljen, som er oppkalla etter han som tok initiativ til Rotary i 1905.

Hjelp dei fattigaste

Hans Bjørn Bakketeig er leiar for organisasjonen Hjelp Moldova, ei uavhengig humanitær norsk hjelpeorganisasjon.

Sidan oppstart i 1994 har Hjelp Moldova sendt mange trailerlass med medisinsk hjelpeutstyr verdt flere tital millionar kroner til Europas fattigaste land.

Dei siste åra har organisasjonen, under Bakketeigs leiing, i hovudsak satsa på opplæring av fagpersonale for å diagnostisera augesjukdommar og bidra med synshjelpemidlar.

Organisasjonen lønar blant anna lege og sjukepleiar og har etablert eit nasjonalt kompetansesenter for augesjukdommar.

Årets optikar

Det er ikkje berre Rotary klubben som ønskjer å heidra Bakketeig. Førre veke blei han kåra til Årets optikar 2012, ein internasjonal pris som vart utdelt på opninga av årsmøtet til World Council of Optometry i Chicago.

Dette er ein pris som Norges optikerforbund set som den høgaste utmerkinga ein kan få innan optomerti.

- Vi nominerte Hans Bjørn Bakketeig til prisen International Optometrist of the year fordi Bakketeig har endra livet til tusenvis av menneske i Moldova. Alt arbeidet han har gjort er på fritida og i feriar, og det er ulønna. No er vi stolt og glad for at han fekk prisen, seier leiar Anne Jervell i Norges Optikerforbund.

Prisen blei delt ut på opninga av årsmøtet til World Council of Optometry i Chicago søndag kveld.

– Bakketeig har gjort ein vesentleg innsats for samfunnet og optometrien. Han set menneskeverdet fremst og ser etter potensialet i kvart enkelt menneske. Han har oppnådd eit unikt samarbeid med augeleger, andre fagpersonar og politikarar på høgaste hold i Moldova, seier president Tone-Garaas Maurdalen i World Council of Optometry.

Enorm forskjell

På få år har fleire tusen born og svaksynte blitt undersøkt og fått hjelp til å sjå bedre ved senteret i Moldovas hovedstad Chisinau.

– Eg kan sjå at det vi gjer nytter. Det utgjer ein enorm forskjell for folk. Det driv meg, seier den stolte prisvinnaren Hans Bjørn Bakketeig, som til dagleg jobber ved Hjelpemiddelsentralen i Hordaland.

Han meiner nordmenn veit veldig lite om Moldova, eit europeisk land der mange born ikkje får den hjelpa dei treng.

– Born i Moldova får aldri tilbod om synsundersøking, dei går uten å få hjelp. For svaksynte er det katastrofalt, seier Bakketeig.

Sliter med å få inn nok pengar

Hjelp Moldova blir dreven utelukkande av innsamla midler, fra bedriftssponsorer, private gjevarar og skuler. Engasjementet i heimbygda Os er stort, men organisasjonen sliter med å få inn nok pengar til å utdanna og lønna personell.

Hans Bjørn Bakketeig jobbar tett med moldovske styresmakter, og han har hatt ei rekke møter med landet sin helseminister og statsminister for å vidareutvikla samarbeidet.

– Målet vårt på sikt er at Moldova sjølv skal være rusta til å kunna hjelpa svaksynte på en tilfredsstillande måte utan å vera avhengig av oss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.