Rafael Villén, Os Fotball (her ved Mikkelsen og Moldskred), Roar Wold og Svein Kollen var blant 17 prismottakarar i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Prisdryss over Osbygdo: Dobbel lykke for nybakt pappa Rafael

Rafael Villén, Os Fotball, Roar Wold og Svein Kollen fekk pris under BA og Hordalandsfotball sin galla laurdag kveld.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag arrangerte BA, Scandic og Hordalandsfotball galla på Scandic Bergen City Håkonsgaten.

Her blei klubbar, trenarar og spelarar frå 3. til 5. divisjon herrar, og 2. og 3. divisjon damer, hylla med til saman 17 prisar.

Årets heiderspris gjekk til sportsleg leiar i Lysekloster, Svein Kollen, for måten han har leia klubben til ei lang rekkje opprykk, samtidig som han har leia oppbygging av Framo Lysekloster Idrettspark.

Årets dommar er Roar Wold frå Søfteland il.

Prisvinnar og nybakt pappa

Prisen for årets klubb gjekk til Os, som i haust rykte opp med både A-laget, Os 2 og damelaget.

I klassen årets spelar i 4. divisjon hadde Os to av tre nominerte; Rafael Villén og Mats Cato Moldskred saman med Alexander Kvalheim (Lyngbø).

Prisen gjekk til Rafael Villén, som fleire gongar har blitt kåra til dagens Os-spelar denne og førre sesong, og som med 12 skåringar er blant dei fire som har skåra mest på Os (og i avdelinga) i år. 

I går blei han òg pappa til ei jente.

– Rafael var på kvinneklinikken, men vi tok imot prisen for han. Den er vel fortent! Rafael er ein god spelar og ein fantastisk lagkamerat, ein person som betyr mykje både for laget, klubben og unge spelarar på veg inn på A-laget, seier kaptein og tilsett i Os Fotball, Marius Mikkelsen.

• Les meir på BA.no (abo) og sjå stor bildeserie på Hordalandsfotball si facebookside.

Han var på galla med lagkamerat Torkel Hjertnes.

– Det var eit flott arrangement og mange gode prisvinnarar, synest Marius, som òg tok imot pris til Os Fotball.

Fleire saker