Næringsliv | 29. apr. 2012

Priskrig skapte kø

Lyssand Bil sitt jubileum fekk ringverknadar i heile Os.

Priskrig skapte kø
Best og Statoil låg lenge lik i pris søndag, men i 22.45-tida var Best lågare. Billigast er det likevel hos dei som starta krigen; Lyssand Bil UnoX. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. apr. 2012 20:53

I helga har det vore lange køar for å fylla drivstoff ved fleire av stasjonane i Os.

Priskrigen blei starta av Lyssand Bil, som fredag starta feiringa av eigen 20-årsdag. Dei låge prisane skulle berre vara til klokka 16 laurdag, men då hadde dei andre stasjonane hengt seg på og krigen var i gang.

– Vi skrudde prisane opp litt laurdag ettermiddag, men måtte skru dei raskt ned igjen, for då var dei i gang på Os, seier Ingrid Klakegg frå Lyssand Bil.

– Det enda med at vi hadde lågast prisar no søndag kveld. I dag har det vore lange køar store delar av dagen, legg ho til.

I skrivande stund er dette diesel-prisane i Os:

Lyssand Bil UnoX: 11,83 kr/l
Best: 11,93 kr/l
Statoil: 12,09 kr/l
Esso: 12,18 kr/l

På bensin er prisane nede i:

Lyssand Bil/UnoX: 12,23 kr/l
Best: 12,33 kr/l
Statoil: 12,59 kr/l
Esso: 13,18 kr/l

Også ER-AN har dumpa prisane i helga, på det lågaste var dieselen nede i 11,99 kr/l.

– Vi prøvde oss også med låge bensinprisar, men der kom kjeden inn og sa 2 kroner under vegleiande pris var det lågaste vi fekk gå, fortel Erling Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.