Næringsliv | 08. feb. 2014

Prisvekst på 16.000 prosent

Henrik Eidsvik fekk seg ei overrasking då han skulle fornya feste-avtalen på tomta der familien har hatt naust i 75 år.

Prisvekst på 16.000 prosent
Henrik Eidsvik sin familie har eigd naustet i midten i 75 år. No må dei betala dyrt for tomta om dei vil unngå riving. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. feb. 2014 08:38

Henrik Eidsvik (85) eig eit naust eit godt stykke oppe i Oselvo. Naustet står på ei tomt som han har bygsla (leigd) av prestegarden, og då det 1. januar var på tide å fornya avtalen igjen, var han førebudd på prisauke. Men ikkje av det kaliberet han fekk servert.

– Eg har betalt 300 kroner i året dei siste 25 åra. No ville dei ha over 50.000 kroner per år, fortel Henrik.

Alternativet han fekk var å kjøpa tomta. Prisen er på 700.000 kroner.

OPPDATERT: Les Opplysningsvesenets fond reaksjon på saka.

Overtatt etter far

Det var onkelen til Henrik som bygde naustet for 75 år sidan. Faren overtok før Henrik for over 30 år sidan blei eigar.

Festeavtalen til Eidsvik har blitt teikna for 25 år om gangen, og dei siste 10 åra har det skjedd ein økonomisk og juridisk innan innløysing av festa tomt til bustad, hytter og naust.

Det er Opplysningsvesenets fond (OVF), som forvaltar kyrkja sine eigedomar, og som no har kome med kraftig oppjustert pris på festeavgifta, eventuelt sal av eigedomen.

Kort frist og fare for riving

Henrik fortel at han har hatt stor glede av naustet, men at han ikkje synest at prisane frå OVF står i samsvar med verdien på tomta.

– Naustet ligg så langt oppe i elvo at eg er avhengig av full flo for å få båten til eller frå naustet. Derfor har eg berre brukt det til vinterlagring.

– Eigaren av nabonaustet er i same situasjon. Ho har berre brukt naustet til å lagra ved.

Sjølv har han ikkje planar om verken å teikna ny leigekontrakt eller å løysa inn tomta.

– Nei, no vil eg heller selja naustet. Nokre tusenlappar er det vel verdt, så får ny eigar avgjera kva han vil gjera med tomta.

– Om ingen vil kjøpa det må det rivast. Det står i den gamle kontrakten at eg i så fall har fire månadar på meg å få fjerna alt på tomta, fortviler Eidsvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.