Kultur | 11. aug. 2023

Prisvinnande «Havnesjefen» kjem til Oseana

– Vi er veldig glade for at det blir visning så tett på Amanda-utdelinga.

Prisvinnande «Havnesjefen» kjem til Oseana
Mia Ludvigsen Henriksen, her saman med Konrad Hjelmli på utdeling for kulturstipend av kommunen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesfredag 11. aug. 2023 09:30

Tidlig i juni fekk Mia Ludvigsen Henriksen beskjed om at ho var nominert til Amandaprisen i kategorien «Beste kortfilm».

No står kortfilmen klar for visning på heimebane helga før prisutdelinga.

Stor etterspørsel

Oseana skriv på heimesida si om mykje etterspørsel etter den Amanda-nominerte dokumentaren.

Søndag 13. august opnar dørene i Vargasalen frå 13.30 til 15.30, med løpande visningar.

Filmen har tidligare vore vist på BIFF (Bergen internasjonale film festival) og Solbakken Salongfestival.

Les òg24 år med filmfestival: – Det gler oss at alt er snudd på hovudet

Gratis inngang

Oseana informerar om at det er noko grovt språkbruk og filmen handla i stor grad om Havnesjefens død, så det kan hende at filmen ikkje passar dei aller minste.

Mia er sjølvsagt tilstades under visninga, og håpar at mange tek turen.

– Vi har jobba for å få til ei visning i heimbygda før utdelinga, så vi er veldig glade for at det blir visning så tett på utdelinga.

Det blir gratis inngang for alle til framsyningane.

Oppvarming til raud løpar

Det er ei knapp veke til prisutdeling i Haugesund.

Laurdag 18. august er Mia klar, men det er enno litt førebuingar som gjenstår.

– Eg må kjøpa kjole! Det har vore ei hektisk veke, og finsatsen må vera klar for utdelinga.

Kan bli ny film

– Er det kome nokon idé for ein ny film eller eit nytt prosjekt sidan sist, eller har du nokre andre planar?

– Foreløpig er det ikkje lagt nokon ny plan for film. Første prioritering er å gjennomføra Amanda-pris utdelinga, før eg har hovud til noko anna.

Mia fortel at ho ser for seg ein ny film, men først blir det jobbing.

– Eg kjem rett frå skulebenken, og må prioritera å få jobb først. Det er ikkje ein enkel bransje å få jobb i. Håpet er at nominering hjelper på veg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.