Lokal | 29. mars 2020

Privat «koronakino» med fullt program

– Ungane treng litt variasjon i desse dagar.

Privat «koronakino» med fullt program
Eit nabolag på Bruarøy køyrer utekino i helgene gjennom koronakrisa. (Foto: Per Henrik Lunde Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. mars 2020 07:31

Er du lei av å ha fjelltur som einaste avbrekk? Blir kveldane litt like, når du ikkje skal køyra til handballtrening eller henta etter kulturskulen?

Trygve Lerch Dahl har slått saman frisk luft, lett underhaldning og smittefritt sosialt samkvem.

Ein lånt projektor var alt som skulle til.
Ein lånt projektor var alt som skulle til.

– Det skulle ikkje så mykje til. Eg lånte ein projektor på jobb og inviterte naboane over på utekino, fortel Trygve.

Publikum sit på pels i gode hagestolar, med god avstand til kvarandre, nokre av dei får litt varme frå ei bålpanne i bakgrunnen.

Betre utstyr

No har det vore kino fredag og laurdag to helger på rad.

– Det er kun i helgene, vi må ha noko å sjå fram til! No er kinoen dessutan oppgradert. Førre helg sendte vi film rett på husveggen, no har naboen skaffa ein kvit presenning som vi bruker til lerret.

Det går mot lysare tider, men kinoen kan gå nokre helger til.
Det går mot lysare tider, men kinoen kan gå nokre helger til.

I går kveld sto kinoen i fare for å bli avlyst grunna vind, men nabolaget på Bruarøy gjennomførte likevel sin fjerde kinokveld.

Med lysare netter og nystilt klokke er dei spente på kor lenge utekinosesongen varer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.