Politi | 19. des. 2021

Promillekøyring og slåstkamp

Publikum får ros etter tips.

Promillekøyring og slåstkamp
Bilen blei stoppa på Moberg i 18.30-tida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. des. 2021 07:39

På dagtid laurdag fekk politiet melding om vinglete køyring.

I 18.30-tida møtte dei bilen det blei tipsa om, og fekk stoppa den på Moberg.

– Bilførar, ein mann i 30-åra, blåste til godt over lovleg verdi. Han blei tatt med for blodprøvetaking og er meldt. Vi har også tatt beslag i førarkortet hans, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Mannen bur i Os, men er ikkje herifrå.

– Vi vil takka publikum som tar kontakt når dei ser vinglete køyring eller uregelmessig åtferd.

– Så lenge vi har ein konkret bil å sjå etter, og har kapasitet, vil vi strekka oss langt for å få kontrollert denne. I dette tilfellet var truleg promille årsak til den vinglete køyringa, og tipset hjelpte oss å gjera trafikktryggleiken betre både for vedkomande og for andre.

Slåsting i sentrum

I 01.30-tida blei det meldt om slåsting i Os sentrum.

Slåstinga skal ha slutta mens politiet blei tilkalla, men patruljen køyrde likevel til staden.

– Patruljen var raskt på staden. Dei fekk snakka med alle partar.

Dei involverte er gutar i slutten av tenåra, alle over 18 år.

– Det er noko uklart kva som har skjedd. Ein av dei fekk pålegg om å forlata Os sentrum. Det er mogleg at saka blir meldt i etterkant.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.